Ferske grønsaker!

Årets fyrste herlege spinat, reddik og mizunasalat er på plass, frå Avdem på Lesja. Vi har òg fått meir mandelpoteter, raudbeter og kålrot. Ta ein titt i kjølekapet og grønsakshylla vår og la deg friste med sunt og grønt! Alt seljast i lausvekt, så ta gjerne med eigen emballasje.

Vi kjem til å ta inn nye grønsaker heilt fram til vi avsluttar butikken, og sel da desse til vanleg pris. Alle andre varer er framleis til 10%.

Opphøyrssal

Vi byrjar i dag med opphøyrssal, og har derfor 10% RABATT på ALLE VARER.

Det er likevel ikkje for seint å melde seg som evnt. kjøpar av Grøn tråd, så kom gjerne innom eller kontakt Randi på tlf. 900 58 159 viss du er interessert.

💚leg velkomen innom!

Vekesprodukt: Glutenfritt knekkebrød frå Stokke

Vi er så fornøgde med å ha funne eit godt, norskprodusert, glutenfritt og økologisk knekkebrød at vi nå atter viser det fram som vekesprodukt.

Knekkebrødet er knasande sprøtt og inneheld økologiske, glutenfrie havregryn, tapiokamiks, solsikke, sesam, linfrø, rapsolje, vatn og himalayasalt. På torsdag, fredag og laurdag har vi gratis smaksprøve av «god-knekkebrødet» vårt. Velkomen innom for ein smak!

Den Gode Baker held til i Sandefjord og starta med ein bakar som var lei av halvfabrikata og tilsetnadsstoff. Dei bakar brød, rundstykke, kjeks og mykje anna godt av reine, økologiske og så langt det let seg gjera norske råvarer, og dei har fleire glutenfrie produkt.

 

Vekesprodukt: Sjokolade frå Berit Nordstrand

Vekesproduktet vårt nå er mørk sjokolade med 72 % kakao, kokosblomstsukker, mandlar, quinoa, havsalt og vanilje, produsert av Berit Nordstrand. Denne sjokoladen er både økologisk, fairtrade, mjølkefri, glutenfri og vegansk, og er perfekt viss du har lyst på litt sukkerfattig og næringsrikt snacks. Berit er lege, forfattar og føredragshaldar og har engasjert seg i spørsmål knytt til kosthald og helse, og ho er saman med komikaren Klaus Sonstad aktuell med TV-programmet «Bra Godt» på TV2 .

I dag, fredag og laurdag kan du koma innom og smake på herlegheita til Berit!

Vekesprodukt: Troll-poteter frå Skjåk

Denne veka viser vi fram Troll-potet frå Søre Kvåle i Skjåk. Denne gode poteten har raudt skall og gulkvitt indre og oppfører seg omtrent som mandelpotet ved matlaging. Troll-potet er ypparleg til både middag og baking.

Vi kan anbefale å prøve potetene saman med potetkrydder frå Søstrene Råstad i Vågå eller frå Aukrust i Lom, og inviterer deg herved innom på smaksprøve av nettopp dette torsdag, fredag og laurdag!

Produsenten av Troll-potetene er Jan Erik Mæhlum, som òg leverer dei knallgode sukkerertene til oss om sommaren. Han har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Hosar i Skjåk.

Vekesprodukt: Speltkjeks m/Rørossmør

Nå er det på tide å vise fram denne veldig gode speltkjeksen frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold att. Han inneheld sammale og sikta spelt, Rørossmør og Himalayasalt, og er laga av norske ingrediensar så langt det lar seg gjera.  Kjem du innom torsdag, fredag eller laurdag skal du få smaksprøve av kjeksen, og vi sprettar ei krukke med pesto frå Helios som tilbehør.

Ønskjer du å lesa meir om Den Gode Baker, kan du titte her.

Opningstider i påsketida:

Måndag 15/4 og tysdag 16/4:       Kl. 10.00 – 17.00
Onsdag 17/4:                                           Kl. 10.00 – 15.00
Laurdag 20/4 (Påskeaften):           Stengt

Tysdag 23/4:                                            Kl. 10.00 – 16.00
(til vanleg stengt tysdagar)

God, gulgrøn påske!

Vekesprodukt: Lammekotelettar frå Heidal

Som vekesprodukt nå rett før påske kan vi tilby lammekotelettar frå Heidal Gammelnorsk Spælsau v/Bård Bårdløkken. Vi kan varmt anbefale lammekotelettar med lammekrydder frå Aukrust! Dette kan du koma innom oss og smake på torsdag, fredag og laurdag.

Vi kan òg tilby andre slag lammekjøt frå same produsent. Kjøtet er ikkje økologisk godkjend, men sauane er grasfora og har gått i fjellet heile sommaren. Gammalnorsk spelsau er nøysam og utnyttar utmarksbeitet godt. Sauane er slakta av Nortura og pakka og foredla av Heidal landbruksprodukter.

Her finn du nokre fristande lammekjøtoppskrifter:
https://meny.no/oppskrifter/Lam