Siste nytt frå vestfronten

Grøn kafé er på plass på Ottamartnan, nærmare bestemt ved Rondatunet i lag med Bondens marked:

Ottamartnan

Her ser du eit utval av menyen: Stikkelsbærkake, stikkelsbærsmoothie, tytingburgar, grønkålsmoothie, varm urte-te og, i bakgrunnen, gulrotrundstykke.

Meny

Og her er resten av menyen: Den herlege grønsakssuppa vår.

Gryta hennar mor

Gryta hennar mor!

Vi har mange trivelege naboar her på martnan, som ho Linnea Finnskog som kanskje blir ein av produsentane våre med tida.

Grøn kafé med Linnea Finnskog

Velkomen til Grøn kafé på Ottamartnan!

OLYMPUS DIGITAL CAMERADa er martnasmenyen klar!

Frå fredag til søndag førstkomande finn de oss på Ottamartnan, under Bondens marked. Så vidt vi er informerte, skal Bondens marked halde til i nærleiken av vinmonopolet. Vi stiller med «Grøn kafé», sidan ein på Bondens marked må selja berre eigenproduserte varer. Dette blir eit fint høve for oss til å vise fram kafé-sida vår, og vi kjem til å tilby diverse heimelaga, økologisk mat og drikke.

Her er vår grøne kafèmeny:

Stikkelsbærkake_croppedMat:

  • Grønsakssuppe m/gulrotrundstykke
  • Tytingburger
  • Stikkelsbærkake

Drikke:

  • Grønkålsmoothie
  • Gulrot- og stikkelsbærsmoothie
  • Varm urte-te

KafébordVi kjem altså ikkje til å ha dei vanlege butikkvarene våre under martnan. Derimot blir Ola Aukrust ståande med marknadsbu i nærleiken av oss, så dit kan du ta turen innom om du skulle du ønskje å kjøpe økologiske grønsaker, urtar m.m..

Kom gjerne innom og få deg noko varmt og sunt i skrotten, samt ein liten kvil ved eitt av våre to «eksklusive» kafébord!

Nasjonal restetorsdag

Du kjenner kanskje til initiativet Restetorsdag som oppmuntrar til å gjera seg nytte av matrestar i staden for å kaste dei. I dag arrangerer Matvett og Forbrukarrådet Nasjonal restetorsdag.

I Norge kastar vi utrulege 46,3 kg mat i året, mykje av det fordi matrestar «gløymest» att inst i kjøleskapet eller, enda verre, går rett i søppelbøtta. Noko av grunnen til det er kanskje at vi har gløymt korleis vi kan nytte restane? Her får du nokre tips!

Restetallerkenrestetallerken

Noko av det enklaste ein kan gjera om ein har mange små restar som ikkje duger til eit måltid aleine, er å samle dei på eit ildfast fat, dekke til og setja det ei stund i ovnen. Litt saus og friske grønsaker og urter friskar opp.

Salat

Dei fleste restar av middagsmat og pålegg gjer seg godt kalde i ein salat. Legg til friske salatblad, ein god dressing og evt nokre fleire salatgrønsaker. Eit dryss friske urter er prikken over ien!

Grateng

Middags- og påleggrestar kan òg blandast i ein ildfast form. Visp saman litt egg, mjølk og krydder og hell over, og strø ost over på toppen. Sett i ovnen på 200-225 grader og steik til osten er gyllen.

Dei gamle gode resterettane

I dag er det kanskje få som tenkjer på at mange av dei kjente og kjære rettane våre opprinneleg oppsto som ein måte å lage noko godt av restar på. Som regel er det berre nokre få ingrediensar som er obligatoriske for å lukkast, elles kan du fylle på med restar:

  • Vaflar: Du treng egg (evt eggerstatning), noko feitt (smør, margarin, olje) og noko søtt om du likar det. Elles kan du bruke alle slags mjølrestar, og gjerne anna korn, gryn og stivelse (f.eks. potetar). Som væske duger alle slags mjølkeprodukt, men òg restar av anna drikke, som juice, saft og sjølvsagt vatn.
  • Lapskaus: Du treng potetar, salt, pepar og det du måtte ha av grønsaker. Alle slags restar av kjøtmat kan brukast om du likar det. Start med å brune rå ingrediensar, ha på vatn og la koke til det er mørt. Ha i kokte ingrediensar mot slutten. Om du har nokre kokte potetar, blir lapskausen ekstra god om du moser dei før du blandar dei i gryta.
  • Pizza: Du treng ein pizzabotn (mjøl – gjerne restar, salt, gjær og vatn), tomatpuré og noko slags ost. Elles kan kva som helst brukast som fyll, berre fantasien set grenser. Pizzakrydder er godt å ha. Varier med kvitlauk, oregano, basilikum, timian og/eller meriam.

Du har sikkert fleire gode idear til korleis ein kan bruke restemat. Vi set pris om du vil dele dei med oss, f.eks. ved å skrive ein kommentar nedanfor.

Vi i Grøn tråd er svært opptatt av å unngå kasting av mat. Difor kjøper vi mellom anna sjølve alt som er att av grønsaker etter ei torgbu og brukar dei i eigen mat. Det er spennande å finne på nye ting å lage ut ifrå det utvalget ein sit att med frå gong til gong, og det blir mykje godt utav det!

Les om oss i avisa

TrappebildeI dag har vi hatt ein journalist frå Fjuken på besøk. Vi har vorte intervjua om kva vi driv med og kva planar vi har framover . Fine bilde tok han òg! Som du ser pynta vi oss for anledninga med Luebildeheimehekla gulrot- og eplelue.
Vi er spente på å lesa meir om oss sjølve i Fjuken på torsdag 🙂

Konkurranse!

OLYMPUS DIGITAL CAMERADenne superraudbeta har vakse opp i hagen til ho Randi i sommar. Men kor mykje veg ho?

Vi gjer bort eit stort glas sommarhonning til den som kjem nærast den rette vekta. Det er gratis å tippe, og du kan forsøke fleire gonger, heilt til vi avsluttar konkurransen når Ottamartnan er over. Du kan tippe ved å leggja inn ein kommentar her på sida eller på Facebook, eller sjølsagt ved å stikke innom torgbua vår på Otta eller i Vågå. Der kan du òg få lyfte på beta.

Hugs uansett å leggja att namn og kontaktinfo, så vi får tak i deg om det er du som vinn.

Nå kjem sommarhonningen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mange har venta på han, og frå fredag av er han endeleg å finne i torgbua vår: sommarhonningen frå Mangesysleriet.

Mangesysleriet
er Per Stabell og Bjørg Schultz sitt verk. Dei har 12 bikuber med tusental flittige arbeidarar som produserer sommarhonning frå Nordherad. Honningen er ikkje økologisk godkjend, fordi dette krev dokumentasjon frå alle dei kringliggjande gardane om at eng og skog ikkje sprøytast. Dette blir for tungvint, sjølv om Per forsikrar oss om at det ikkje foregår noko slik sprøyting. Biene vert ikkje vengjeklipt, og røyken som brukast består kun av vatn, evt noko elgmøkk frå skogen. Biene får sukkervatn av ikkje-økologisk sukker.