Opningstider fram mot og i jula

Dei to neste vekene har vi litt andre opningstider enn vanleg:

Måndag 22/12: Kl. 10.00 – 17.00

Tysdag 23/12: Kl. 10.00 – 17.00

Onsdag 24/12: Kl. 10.00 – 13.00

Laurdag 27/12: Kl. 10.00 – 15.00

Måndag 29/12: Kl. 10.00 – 15.00

Tysdag 30/12: Kl. 10.00 – 15.00

Onsdag 31/12: Kl. 10.00 – 13.00

Frå fredag den 2. januar går opningstidene attende til normalen att.

Konkurranse siste veka fram mot jul!

– Hjelp oss med å finne frosken!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne vesle, grøne krabaten har i det siste byrja med irriterande froskestrekar; han har nemleg starta med å leike gøymsel så han skal sleppe å leggje seg når vi stengjer butikken for dagen. Han gøymer seg absolutt overalt i butikken, og vi strevar fælt med å finne han att og byrjar å bli lei av å leite etter han. Ikkje seier han «pip» eingong.

Derfor spør vi nå om de kundane våre kan hjelpe oss med å finne han fram til og med julekvelden. Etter det reiser han på ferie til grønare land eit par veker, så da får vi håpe at han veks av seg unotane til han kjem heim att. Viss de klarar å finne han, blir de med i trekninga av ei stuttreist overrasking. Vi blir skrekkeleg takknemlege for alle som vil koma innom og hjelpe oss med å leite!

Julemarknad på Otta, og litt om søndagsope i desember og slikt

OLYMPUS DIGITAL CAMERASøndag skal vi på julemarknad på Otta frå kl. 14 – 18. Dette er den siste julemarknaden vi er med på i år. Med på laget får vi Elisabeth Stadeløkken Wentzel frå Alucita som sel frå redesignkolleksjonen sin.

Vi har elles ikkje tenkt å vera med på søndagsope eller ekstra langopenkveldar fram mot jul. Grunnen til dette er at vi meiner det er eit press på varehandelen i våre dagar som
i ytterste konsekvens fører til ekstreme opningstider som t.d.
nattopne butikkar. Undersøkjingar viser at korkje butikkar eller
kundar ønskjer dette, men når nokon byrjar opne lengre, må dei
andre likevel følgje etter for ikkje å tape kundar. Resultatet
blir mellom anna

  • rovdrift på naturen fordi folk handlar enda meir dei ikkje treng
  • rovdrift på dei butikktilsette som må jobbe til meir og meir
    ubekvemme tider
  • at vi alle får mindre og mindre tid som er fri frå stress og
    mas
  • at det blir dyrare å drive butikk fordi det trass alt er grenser
    for kor stort salspotensial det finst, noko som vidare fører til
    auka prisar.

Alt i alt håpar vi kundane våre set pris på at vi ønskjer dykk
(og oss) handlefrie søndagar og elles normale opningstider!

Venleg helsing Randi og Trude i Grøn tråd

Bli det ei grøn jul i år, tru?

Ønskjer du deg miljøvenlege og sunne julegåver eller ingrediensar til julematen, så kom gjerne til oss!

Har du lyst på ein liten kvil i julestrida, kan vi tilby deg å slappe av på sofaen vår med ein kopp te eller kaffe og litt biteti – økologisk, så klart!

Nedover sida her vil du sjå det meste av det vi har å by på. Dei aller siste varene vi har fått inn, er desse:

Manglar du framleis julegåver, kan kanskje ein gaveeske med delikate sjokolader frå Woodshade Organics vera tingen?
Manglar du framleis julegåver, kan kanskje ein gaveeske med delikate sjokolader frå Woodshade Organics vera tingen?
Gult er kult! Og gul pesto frå Helios er veldig godt.
Gult er kult! Og gul pesto frå Helios er veldig godt.
Grønt er skjønt! Og gallesåpe frå Sonett tek knekken på dei fleste flekkar.
Grønt er skjønt! Og gallesåpe frå Sonett tek knekken på dei fleste flekkar.
Vi har utvida handsåpeutvalet med denne gule varianten, dvs. handsåpe med sitrus.
Vi har utvida handsåpeutvalet med denne gule varianten, dvs. handsåpe med sitrus.
Til alle glutenallergikarar: Nå har vi glutenfritt havregryn frå Aurion og glutenfritt knekkebrød frå Pain des fleurs.
Til alle glutenallergikarar: Nå har vi glutenfritt havregryn frå Aurion og glutenfritt knekkebrød frå Pain des fleurs.
Hasselnøtter frå Helios bør vel friste til jul?
Hasselnøtter frå Helios bør vel friste til jul?

Har du dårleg med energi om dagen? Kanskje ein pose med energimix frå Manna kan hjelpe litt?

Har du dårleg med energi om dagen? Kanskje ein pose med energimix frå Manna kan hjelpe litt?

Hirsegraut (frå 4 mnd.) frå Aurion og hirseflak frå Helios er spesielt bra for små magar.
Hirsegraut (frå 4 mnd.) frå Aurion og hirseflak frå Helios er spesielt bra for små magar.
Speltkjeks med soltørka tomat og fleire typar grove brød (her: Stella Polaris-brød) frå Den Gode Baker er snaskens når ein vil sleppe baksten.
Speltkjeks med soltørka tomat og fleire typar grove brød (her: Stella Polaris-brød) frå Den Gode Baker er snaskens når ein vil sleppe baksten.

Velkomen til oss!