12 nye varer, samt 1 ny redesign delekveld!

Denne veka har vi fått inn desse varene:

Müsli med frukt, linfrø, solsikkefrø og pepparmynte-te frå Helios.
Müsli med frukt, linfrø, solsikkekjerner og pepparmynte-te frå Helios.
Surkål, kvite bønner i tomatsaus og kikerter frå Helios, og kokosfløyte frå Kung Markatta.
Surkål, kvite bønner i tomatsaus og kikerter frå Helios, og kokosfløyte frå Kung Markatta.
Ananasringar frå Biona, samt ananasjuice, valnøtter og paranøtter frå Helios.
Ananasringar frå Biona, samt ananasjuice, valnøtter og paranøtter frå Helios.

-Og onsdag den 28. januar (neste veke) kl. 19.00 blir det ny redesign delekveld på Frivilligsentralen i Vågåmo! Vi har denne gongen òg fått med oss Alucita-dama Elizabeth som «ekspert», og vi sel litt te, kaffe og lett biteti for høvet. Ta med deg sysaker eller berre godt humør, og sprei ordet! Sei gjerne ifrå til oss om du tenkjer å koma. 🙂

Alucita

Ny vare, og ny stengjetid laurdagar

Vi har nå fått inn ein knasande god honningrista müsli frå Den Gode Baker:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Elles har vi beslutta å følgje dei andre butikkane rundt oss når det gjeld stengjetid laurdagar, dvs. at vi heretter stengjer kl. 15.00 kvar laurdag.  -Ingen vits i å sitja her og stirre når alle andre reiser heim… 😉

Velkomen til ein grøn handel!

 

Godt, grønt nyttår!

Vi har starta året med å bestille inn mange varer, -hurra! Det gjekk så bra hjå oss før jul at vi kjem til å halde fram med butikken vår, men kor lenge vi får vera i lokalet vårt veit vi ikkje meir om foreløpig. Vi satsar uansett på å utvide varelageret vårt, så i løpet av denne veka ventar vi både nye og «gamle» varer frå både Aukrust, Rørosmat, Den Gode Baker, Norganic, Kinsarvik og Vitalkost. Vi har vorte lova stuttare frakttid på Rørosmjølka, så vi har bestilt og håpar å få ho i løpet av nokre få dagar. Dei nye varene vi har bestilt er bl.a. kroppspleieprodukt som sjampo, balsam, deodorant og naturbasert tannkrem (ikkje-øko.), samt forskjellige matvarer inkl. fleire typar te og pasta, ferdige vegetarmåltid (for t.d. den travle) og snacks.

Elles vil vi takke alle som var med og hjalp oss med å finne den slitsamt spøkefulle frosken vår!  Vinnaren av konkurransen vår vart Jorge Ruiz Fernandez, og for det vellykka froskefunnet sitt blir han belønna med to pakker med Gosjokoladen frå Follebu. Vi fekk frosken trygt på flyet til Grand Froskia julekvelden, og etter han kom heim att har han heldigvis gløymt alle froskestrekane sine (så lenge det varer).

Frosken vår i eit fast, fluktfritt grep.
Frosken vår i eit fast, fluktfritt grep.
Premien: Herleg, sunn, økologisk og fairtrade sjokolade frå Sjokoladejentene i Follebu
Premien: Herleg, sunn, økologisk og fairtrade sjokolade frå Sjokoladejentene i Follebu