Inni frysedisken kan du finne fleire brødvarer frå Den Gode Baker, elgprodukt frå Heidal Landbruksprodukter, samt litt tæla tyting frå Lalm og grønkål frå Aukrust.
Frå Heidal Landbruksprodukter har vi fått inn følgjande velsmakande kjøtvarer:
Elgkarbonder, spekepølser av hjort og elg, elgsteik og elgbiff. Ikkje økologiske produkt, men stuttreiste og frå ville dyr.
Evas Hage på Sel har laga nok ei heimelaga supersalve til oss, som bl.a. kan brukast som kuldekrem:
God Salve For Alt inneheld kun økologiske og naturlege kvalitetsingrediensar utan parabener o.l , som sheasmør, kokosnøttolje, lanolin, ringblome og olivenolje. Lugum til så mangt!
Vi har i tillegg fått inn denne nydelege og nesten-lokale påskesjokoladeblandinga frå Gosjokoladen i Follebu:
Heimelaga, økologiske, Fairtrade, glutenfrie, mjølkefrie og sukkerfrie sjokoladebitar med bl.a. cashewnøtter, mandlar, dadlar og kokos. Sunnare sjokolade skal ein leite lenge etter!
Vi er skrekkeleg fornøgde med å endeleg ha funne ein 100% naturleg solkrem, som i tillegg er heimelaga av Vossabia på Vethe Gard i Voss:
Solkrem faktor 10 og 20, laga av bl.a. honning, bivoks og ringblome frå eigen gard og med det naturlege solfilteret tiosol. Nærings- og fuktigheitsgjevande, samt insektsavvisande. Lugum i påskesola!
Frå Solhatt, den einaste økologiske frøforhandlaren i Norge, har vi fått inn mange grønsaks-, urte- og spirefrø (ikkje riktig alle er med på bildet her):
Nokre av grønsaksfrøa er til og med avla i Norge. Her er det berre å la dei grøne fingrane ta overhand! Tips: På www.runabergsfoer.se finst mykje god info om øko. dyrking av alle plantesortane våre og fleire til.
Tre nye varer frå Alma:
Svarte og kvite tørka bønner frå Kung Markatta, samt hakka tomatar på boks frå Helios.
Og tre nye varer frå Vitalkost:
Ljos speltlasagne frå Naturata, mandelsmør frå Horizon og rå-kakaopulver frå SuperNature.
Torsdag den 19. mars frå kl. 19.00 blir det ny redesign delekveld i butikken vår på Otta! Vi har denne gongen òg fått med oss Alucita-dama Elizabeth som «ekspert», og vi sel litt te, kaffe og lett biteti for høvet. Ta med deg sysaker eller berre godt humør, og sprei ordet! Sei gjerne ifrå til oss om du tenkjer å koma.
For te-drankarar som oss sjølve har vi utvida utvalet med desse tre: Chai-te m/vanilje og ingefærte frå Pukka, samt sjokolade- og chili-te frå Yogi.Soltørka tomatar og pecannøtter frå Suma, -godt t.d. i salaten!Kikerter på glas og fransk sennep frå Machandel, og to vegetariske ferrdigmåltid frå Free & Easy; eitt med tre slag bønner og chili, samt kikert- og bønnestuing.Glutenfri frokostblanding med puffa ris og sjokolade frå Dove Farm, -nam-nam!Ny tannkrem frå AloeDent: Sensitiv med aloe vera og echinachea og utan fluor (ikkje-øko.).