Ny grønsaksdyrkings-/plantebyttekveld

Gulrot                  OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Har du lyst til å veta meir om dyrking av eigen mat utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel? Har du nokon planter du kunne tenkt deg å bytte eller gje bort? Da er du hjarteleg velkomen til å koma og bytte planter, samt dele idèar og erfaringar om økologisk grønsaksdyrking på

Frivilligsentralen i Vågå (Gammelstugu),
tysdag 26. mai frå kl. 19.00!

Den erfarne urte- og grønsaksdyrkaren Ola Aukrust frå Aukrust gard og urteri i Lom blir med oss denne gongen òg. Vi sel økologiske frø frå det norske frøselskapet Solhatt, samt settelauk frå Søre Hosar i Skjåk.

Gratis inngang, vi serverer økologisk te og kaffe. Ta med litt biteti («sending») sjølv viss du ønskjer noko å tyggje på. Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf. 9005 8159, eller Trude, tlf. 9591 6859.

Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

Nye, spennande varer, og ny smaksprøve!

Vi aukar utvalet vårt av Pukka-te med 4 nye slag:                           Rensete m/anis, fennikel og kardemomme, te m/hyllebær og echinachea, te m/pepparmynte og lakris, samt kveldste m/havreblome, lavendel og limeblome. Pukka-te er fairtrade, koffeinfri og pakningane er laga av fornybart og komposterbart materiale , -og teane smakar i tillegg veldig godt og er sjølvsagt økologiske! 😉

   Image of Elderberry & Echinacea    Image of Peppermint & Licorice    Image of Night Time

Det er ikkje så lett å finne økologisk godteri med ein naturleg smak, men desse to kvalitetane har snopet frå Ekkorens:Bilde av EKORRENS BACK TO BASICS 65 GR ØKOLOGISK Bilde av EKORRENS PEACE LOVE ØKOLOGIKS SNOP 80 GR

Tørka ananas frå Cosmoveda, som støttar Lotus Life og miljøvern, alternativ medisin og utviklingshjelp:

Bilde av COSMOVEDA TØRKET ANANAS 50 GR ØKOLOGISK

Popcorncous cous av fullkorn og baked beans frå Suma (Suma forhandlar kun vegetariske og etiske produkt):

Bilde av SUMA POPCORN ØKOLOGISK 500 GR      Bilde av SUMA COUSCOUS ØKOLOGISK 500 GR  Bilde av SUMA BAKED BEANS I TOMAT SAUS 400 ØKOLOGISK

Fairtrade og glutenfri pad thai nuddler laga av brun ris, frå King Soba:

Bilde av KING SOBA PAD THAI NUDDLER BRUN RIS ØKO 250 GR

Lettvinte posesupper for den travle  frå Natur Compagnie; kyllingsuppe og minestronesuppe:

Bilde av NATUR COMPAGNIE KYLLINGSUPPE 40 GR ØKOBilde av NATUR COMPAGNIE MINESTRONESUPPE 50 G ØKO

Rå cocosflak frå Biogan, som kan brukast i heimelaga sjokolade, som snacks, i nøtteblandingar, i kaker osv. :

Bilde av BIOGAN RAW KOKOSCHIPS 250 GR ØKOLOGISK

Gluten-,  mjølk- og kveitefri sjokolade- og hasselnøttkjeks frå Against the Grain:

Bilde av AGAINST CHOCOLATE CHIP & HAZELNUT KJEKS ØKO 150 GR

Endeleg ein økologisk tannkrem, med granateple og aloe vera, samt deo roll on med aloe vera for sensitiv hud frå Dr. Organic:

Bilde av DR. ORGANIC POMEGRANATE TANNKREM 100 ML         Aloe Vera Deodorant

Elles kjem vi frå i dag til å ha smaksprøve på den nydelege speltkjeksen med Rørossmør frå Den Gode Baker:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Velkomen innom på ein grøn handel!