Marknad i Randsverk laurdag!

Endeleg kan vi ta fram det trufaste, grøne teltet vårt att, for laurdag skal vi nemleg vera med på marknad i Randsverk! Denne marknaden vart arrangert for fyrste gong i fjor, og var ein stor suksess, med mykje folk og liv. Marknaden føregår frå kl. 11 til 16, og vil ha mange ulike salgsboder og nokon aktivitetar i år òg. Vi har i tillegg til dei vanlege varene våre tenkt å slå til med heimebaka, økologisk grovbrød med bygg frå Skjåk! Bakaren er Elizabeth S. Wentzel frå Heidal, – ho er altså god på andre ting enn berre redesign…! Ho vil ha stand i lag med oss, der ho òg vil tilby redesignkleda sine. Vi gler oss alle tre veldig til marknaden, og vi tykkjer det er spesielt artig å kunne tilby eit eige brød, noko som i fyrste omgang er eit prøveprosjekt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sommartid

No byrjar sommarferie for skuleelevane og avspasering for lærarane, og vi Grøn tråd-damene får meir tid til butikken. Dimed blir det nye opningstider for sommaren.

Vi håper det blir enklare å hugse at vi opnar kvar dag klokka ti. Stengjetid blir òg den same kvar dag, med unntak av laurdag. Fordi ljose sommarkveldar fortener å brukast på anna enn shopping, stengjer vi no klokka fire.

Sommaropningstidene blir da slik:

Måndag-fredag: kl. 10-16
Laurdag: kl. 10-15

Vi ønskjer gamle og nye kundar velkomne i sommar!

Helsing Randi og Trude

Vi flyttar!

Nå skal det skje:

I dag flyttar vi butikken vår to dører opp, dvs. til Johan Nygårdsgate 8, som er på den andre sida av Ødegaarden Bakeri. Vi satsar på å ha opent allereie frå måndag (i morgon), men vi vil ha ein offisiell opningsdag torsdag 11. juni. Da kjem vi til å servere ein liten gratis velkomstdrikk til alle som kjem innom, og vi kjem til å tilby fleire nye varer, bl.a. økologisk iskrem frå Alm Gard i Sogn og økologisk rabarbra- og stikkelsbærlimonade og blåbærsaft frå Kroken Frukt og Bær i Sogn.

Velkomen innom vår nye butikk!