Byfestfeiring på Otta laurdag 22. august!

Otta har nå hatt bystatus i 15 år, derfor er det laurdag fest i byen! Vi arrangerar for høvet ein BYFEST-QUIZ saman med dei andre butikkane rundt oss, og premien til vinnaren blir ei gåve frå kvar utsalsstad. Sjå elles program for byfesten på www.otta.no.

I tillegg kjem vi til å få inn att dei nydelege sukkerertene frå Søre Kvåle i Skjåk, og vi fortset med smaksprøvelaurdag med bl.a. økologisk blandingsbrunost og fløytemysost frå den biodynamiske garden Ommang Søndre på Løten. Mjølka til desse ostane mjølkast for hand, og osten lagast av upasteurisert mjølk og med vedfyring, noko som gjev osten meir smak.

Velkomen innom!

Ope Helg i Heidal laurdag!

Det er torgbutid for Grøn tråd, og laurdag den 15. august blir vi å finne på Ope Helg i Bjølstadmo, Heidal, frå kl. 10 – 16. Alcita redesign v/Elisabeth S. Wentzel blir med denne gongen òg. Under Ope Helg er det òg mange andre spennande ting som skjer, sjå program i t.d. Norddalsavisa.

Velkomen innom bua vår!