Ottamartnan: Grøn kafè, smaksprøver og martnaskonkurranse!

Det nærmar seg voldsomt fort Ottamartnan, -frå i morgon til søndag blir det full fres! Vi slår til att i år med Grøn kafè – telt utanfor butikken vår, med gjennomgang til sjappa vår. I teltet ved sidan av skal vår venninne Elisabeth S. Wentzel med Alucita ha redesignkleda sine, og lenger opp i gata finn ein Den lille tytingfabrikken, Smak i Lom og den internasjonale matmarknaden, og rett over gata blir det Bondens Marked og Gudbrandsdalsmat (sistnemnte hjå Fevril). Så vi har rett og slett hamna midt i smørauget i år!

På vår økologiske kafèmeny under martnan vil de finne følgjande:
Mat:
– Grønsakssuppe m/gulrotrundstykke, heimelaga av Grøn tråd
– Grove, sunne vafler, heimelaga av Grøn tråd
– Heimelaga iskrem frå Vik i Sogn
– Eit utval smakfulle og dels glutenfrie kjeksar
Drikke:
– Grønkålsmoothie og stikkelsbærsmoothie, heimelaga av Grøn tråd
– Rabarbralimonade og stikkelsbærlimonade frå Kroken i Sogn
– Bringebærbrus og lemonade
– Te av fleire slag, filtermale kaffe og espresso
I butikken kjem vi til å tilby ulike smaksprøver kvar dag under martnan.

Vi vil i år òg ha ei martnaskonkurranse: Gjett vekta på poteten vår!
Randi har hausta store grønsaker att, og i år fekk ho ei temmeleg diger potet (i fjor fekk ho ei superraudbet). Kom gjerne innom og prøv å gjette kva «monsteret» veg. Premien er ei GodSalve for Alt frå Evas Hage på Sel.

Opningstidene våre under martnan:
Fredag og laurdag: kl. 10.00 – 20.00
Søndag: kl. 12.00 – 18.00

Velkomen innom!

Delekveld om innhausting, lagring og konservering av grønsaker, frukt og bær!

grøntPreservesConserves

Har du lyst til å veta meir om korleis du kan oppbevare grønsaker, frukt og bær utover vinteren? Eller kanskje du har nokon gode tips til andre?

Da er du hjarteleg velkomen til å koma og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd på Otta (Johan Nygårdsgt. 8),

onsdag 23. september frå kl. 19.00!

 

Gratis inngang, vi serverer økologisk te og kaffe. Ta med litt biteti («sending») sjølv viss du ønskjer noko å tyggje på, elles stiller vi med litt snacks frå butikken for eit lite beløp. Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf. 9005 8159, eller Trude, tlf. 9591 6859.

Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

 

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

Og det vart ljos

Huseigaren vår, Elisabeth Sundt, har vore inne hjå oss og trylla. Butikken er utstyrt med nye taklamper, og dei allereie ljose og trivelege lokala våre er vorte enda ljosare og trivelegare! Tusen takk, Elisabeth 🙂

Slik såg butikken ut før…

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

… og slik ser han ut nå:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA