Torgbu på saukåringsdag i Vågå

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Laurdag 10. oktober er det saukåring i Vågå att, frå kl. 11.00 til 15.00. Det skal skje litt av kvart på og utanfor Bokhandelen kafè denne dagen, bl.a. vil ein finne ymse utstillarar innan handverk og mat, inkl. Alucita redesign og eit par ullkjoledamer med mannekengoppvisning. – Og det blir saukåring, naturlegvis! Grøn tråd må dessverre avslutte torgbua vår litt tidlegare denne dagen, ca. kl. 14.00.

Vi gratulerer!

Vinnaren av martnaskonkurransa vår vart Ingrid Gulliksen, som gjetta på grammet rett!

Potetkonk

Fredagen Ingrid var innom, vog poteten akkurat 500 g. Poteten tapte seg deretter i vekt p.g.a. fordamping, så laurdag vog han 496 g og søndag 494 g. Vekttapet vart sjølvsagt teke omsyn til da vi kåra vinnaren.

Gratulerer til Ingrid, som får ei GodSalve for alt frå Evas Hage på Sel i premie!

Takk for ein særs triveleg martna!

Kjære venar av Grøn tråd!
Takk til alle som var innom oss på Ottamartnan! Det var veldig mange trivelege folk, både gamle venar og spennande nye bekjentskap. Spesielt tusen takk til vår gode veninne Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita, som hjalp oss og heldt oss med selskap heile vegen! Og tusen takk til Jorge som vi ikkje hadde sett på fleire veker, og som dukka opp ved stengetid, bretta opp ermene og hjalp oss med å få alt pikkpakket vårt i hus!

Ottamartnan Tor Mariam mmOttamartnan NNOttamartnan Marcia MariamOttamartnan Elisabeth