Utvida opningstider

Vener av Grøn tråd veit at vi ikkje er tilhengjarar av lange opningstider, søndagsope og liknande, men vi vil gjerne komme dei kundane i møte som synest det kan bli vanskeleg å nå innom oss før klokka 16 når dei kjem frå jobb. Derfor har vi frå i dag ope til klokka 17 på torsdagar.

Slik ser opningstidene våre ut med endringa:

Måndag, tysdag, onsdag og fredag: Kl. 10-16
Torsdag: Kl. 10-17
Laurdag: Kl. 10-15

Velkommen innom hjå oss!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Julekalender

mob 003_cropped

Nå har vi vore kreative og laga julekalender for te-elskarar. Den består av ein ny tesmak for kvar dag frå utvalet vårt av økologisk Pukka-, Yogi- og Clipper-te, det heile pent dandert i ein koseleg, brukt gløggbolle som kan vera fin å ha også etter at teen er drukke opp.

Gløggbollane kjem frå Ting og Tøy på Otta. Der får du òg matchande koppar om du ønskjer det.

Julemarknad i Ullinsvin, Vågå

julemarkedHei, hå, nå er det jul igjen …!

– Eller ikkje riktig enno, heldigvis! Det er derimot tid for julemarknader att, og laurdag 21. november stiller Grøn tråd og Alucita og mange andre lokale aktørar og bedrifter med torgbu i Ullinsvin (prestegarden) i Vågå. Marknaden held på frå kl. 11 – 15, og det blir òg matservering og diverse aktivitetar for barn.

Vi håpar å sjå dykk der!

Vaskemiddel i laus vekt

vaskemiddelløsvekt_cropped

Nå kan du ta vare på tom vaskemiddelemballasje og få han fylt opp hjå oss! Foreløpig kan vi by på økologisk oppvaskmiddel og ullvaskemiddel i laus vekt, men vi jobbar med å kunne selje fleire av vaskemidla til Sonett emballasjefritt etter kvart.

Korleis fungerer det? Vi veg emballasjen din før og etter at du har fylt han opp. Du betaler berre for det du får!
Har du ikkje tom emballasje, har vi litt i butikken. Vi tar også gjerne imot tom emballasje du ikkje treng.

Mindre emballasje = mindre forureining, mindre avfall, mindre energi til transport og billegare produkt!

Ny redesign delekveld

Alucita

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

 

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på
Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8, Otta),
måndag 16. november frå kl. 19.00!

 

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har. Vi har med oss Elisabeth S. Wentzel i Alucita redesign som «ekspert».
Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.
Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159, eller Trude, tlf: 9591 6859.

Velkomen!

Butikken fyller år

I desse dagar er det eitt år sida Grøn tråd tok skrittet frå torgsal til opning av butikk. I løpet av denne tida har vi skifta lokale og utvida vareutvalet vårt temmeleg mykje. Vi er i det heile rimeleg nøyde med utviklinga dette første året. Berre samanlikn bileta under av butikken ved opninga i fjor og nå!

Tusen takk til alle som har vore med og gjort det mogleg å utvikle butikken vidare!!

På laurdag markerer vi årsdagen med enkel og sunn servering til alle som kjem innom. Velkomen!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
BUTIKKEN I FJOR
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
BUTIKKEN I HAUST
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
UTVALET AV HOLLIMJØL I FJOR
mob 054CROPPED
NOKO AV HOLLIUTVALET NÅ
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
LAUS VEKT-UTVALET I FJOR
mob 050
NÅ: MJØL OG GRYN I LAUS VEKT
mob 051
NÅ: GLUTENFRIE VARER, RIS OG SUKKER I LAUS VEKT