Økologisk grønsaksdyrkingskveld!

grønt

Sukkererter, knollfennikel og bondebønner.

Har du lyst til å veta meir om dyrking av eigen mat utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel?

Da er du hjarteleg velkomen til å koma og dele idèar og erfaringar om økologisk grønsaksdyrking på

Frivilligsentralen i Vågå (Gammelstugu),

måndag 7. mars frå kl. 19.00!

Den erfarne urte- og grønsaksdyrkaren Ola Aukrust frå Aukrust gard og urteri i Lom blir med oss denne gongen òg. Vi sel økologiske frø frå det norske frøselskapet Solhatt.

Gratis inngang, vi serverer økologisk te og kaffe. Ta med litt biteti («sending») sjølv viss du ønskjer noko å tyggje på. Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi på tlf. 900 58 159.

Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

Vekesprodukt: Rå marsipan frå Woodshade Organics, Danmark

–  Snart påske, tid for litt marsipan av høgste kvalitet?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Woodshade Organics, tidlegare Mølle Skovly, held til i Knebel og var dei  fyrste i Danmark til å produsere økologisk konfekt.  Dei er spesielt kjent for den råe marsipanen sin, «Riktig Rå»,  som  er framstilt av øko., italienske mandlar, øko. rårøyrsukker og øko. honning.

Kom innom og få smake  denne nydelege marsipanen torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Rørosrømme + urteblanding frå Søstrene Råstad = nam-nam!

Førre veka starta vi med noko nytt, nemleg å vise fram eitt produkt per veke, inkl. smaksprøve torsdag, fredag og laurdag. Denne veka blir det to produkt, sidan dei passar veldig godt saman. Blandar du Rørosrømme med urteblandinga til smør, salat og poteter frå Søstrene Råstad i Vågå/Skjåk, får du ein svært smakfull rømmedip, saus e.l.. Kan anbefalast t.d. som tilbehør til fjellaure frå Sjodalen/Valdresflya og Trollpotet frå Skjåk (desse finn du òg i butikken vår).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kom innom torsdag, fredag eller laurdag og få smake!

Kaffeveke hjå Grøn tråd

Frå måndag startar vi kaffeveke hjå Grøn tråd.

Flickr_-_cyclonebill_-_Espresso_(1)Denne veka har vi mange nye sortar kaffe frå Stavanger kaffebrenneri. Nytt er òg at mange av sortane kjem i mindre pakningar enn før – 250 g i staden for ein kilo. Det er få pakkar av kvar sort, så her er det først til mølla…

Vi markerer kaffeveka med gratis smaksprøve torsdag, fredag og laurdag.

Cascadia koffeinfri espressobønner 250g
Cascadia koffeinfri espressobønner. Fyldig og aromatisk espressoblanding som består av kaffe frå Peru, Etiopia, Honduras og Sumatra.
Espressobønner fransk 250g
Franskbrente espressobønner. Svært fyldig og aromatisk espressoblanding som består av kaffe frå Peru, Etiopia og Sumatra.
Espressobønner fransk-italiensk 250g
Fransk/italienskbrente espressobønner. Svært fyldig og aromatisk espressoblanding som består av mørk og ljos espressokaffe frå Sumatra, Etiopia og Peru.
Espressobønner robusta 250g
Robusta espressobønner. Eksklusiv espressoblanding med bønner frå Etiopia, Peru, India og Sumatra.
Hele bønner Honduras Los Lirios 1kg
Los Lirios kaffebønner frå Honduras. Kaffe frå bonden Jose Luis Rivera frå Copan. Aroma av honning og sitrus. Middelsfyldig med frisk syrligheit.
Hele bønner India Araku 250 g
Høglandskaffe frå Araku Valley i India. Fyldig med frukt og nøtter i smaken. Heile bønner.
Espressobønner italiensk 250g
Italienskbrente espressobønner. Svært fyldig og aromatisk espressoblanding som består av kaffe frå Peru, Etiopia og Sumatra.

Stavanger kaffebrenneri har økologisk og rettferdig kaffe av høg kvalitet frå heilt spesielle område rundt i verda. Bønnene er rista sakte på småskala brennarar, luftavkjølte og pakka straks dei er kalde for best mogleg smak og aroma.

Sumatra-Mocca filtermalt
Filtermale Sumatra-Mocca. Klassisk blanding med kvalitetskaffe frå Sumatra og Etiopia. Svært fyldig og smaskrik. Ein gammal favoritt!