Vekesprodukt: Lokal urte-te

Denne veka viser vi fram nokre lokalproduserte urte-tear frå Søstrene Råstad i Skjåk/Vågå og Aukrust gard og urteri i Lom.

Søstrene Råstad, som er to systre busett i Vågå og Skjåk, produserar  to typar urte-teblandingar av eigendyrka og nokon viltveksande urter. Dei dyrkar i liten skala, og i praksis økologisk, men utan Debio-godkjenning.

Aukrust driv med  meir storskala produksjon av mange ulike tear av både urteblandingar  og enkelturter, krydder og bær.  Mange av te-ingrediensane er heimdyrka, andre viltveksande eller importert, og alle er Debio-merka.

F.v.: Mor og barn (fordøyelseste) og Peiskoste frå Aukrust gard og urteri, og Søstrene Råstads Beste urte-te og Kvelds-te
F.v.: Mor og barn (fordøyelseste) og Peiskoste frå Aukrust gard og urteri, og Søstrene Råstads Beste urte-te og Kvelds-te.

Her ser de dei teane vi vise fram. Av Aukrust-teane har vi vald ut to av våre favorittar.

Torsdag, fredag og laurdag serverar vi smaksprøver av eit utval av desse teane. – Velkomen innom!

Økologisk kylling kjem i morgon!

kylling homlagardenEi stor nyheit for oss: Vi har bestilt økologisk kylling og ventar levering i morgon 23.3.! Dette er noko vi har tenkt på lenge, men som vi ikkje har klart å få til – før nå! For ikkje lenge sidan fekk vi tips om Økodrift Homlagarden AS, som starta opp i 2007 og held til i Nordheimsund i Hordaland. Dei kan mellom anna skilte med årets beste naturelle kjøtprodukt på ”Det norske måltid-2014” i Stavanger.

Lurar du på kva som er skilnaden mellom økologisk og «vanleg» kylling?

Økologisk fjørfe:

  • er det ikkje lov å ha i bur
  • kan vera maks 6 per m2 innandørs
  • skal i tillegg ha minst 4 m2 uteareal per høne
  • har kvilereglar for utearealet for å halde det friskt og grønt
  • et økologisk fôr
  • får vakse i naturleg tempo
  • slaktast minst 71 dagar gamle

Konvensjonelt (ikkje-økologisk) fjørfe:

  • kan haldast i bur
  • har ikkje krav på uteareal, sjølv om dei er såkalla «frittgåande»
  • for slaktekylling er arealkravet 25 kg per m2. Det er vanleg med fleire tusen kyllingar i same rom
  • er spesielt avla fram for rask vekst og får spesielt energirikt fôr som fremmar rask vekst
  • får ofte svake, betente eller misdanna bein som gjer det smertefullt å røre seg (prøv å knekke eit bein på ein konvensjonell og på ein økologisk kylling for å sjå skilnaden!)
  • får ofte sjukdom p.g.a trengsel og unaturleg fôr. Derfor brukast gjerne antibiotika (som regel Narasin) i fôret
  • kan slaktast etter 28 dagar

Vekesprodukt og påskeprodukt

Grøn tråd ønskjer alle våre kundar, venar og andre samarbeidspartnarar ei riktig GOD PÅSKE. Takk for at de er med og gjer butikken vår stadig betre!

I påskeferien vil vi ha kjeks og snacks frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold som vekesprodukt, med smaksprøve av fibersnacks og spelt sjokonøtt kvar dag.  – «Lugumt» snacks på påsketur?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi nyttar òg høvet til å anbefale nokre påskeprodukt:

påskeegg woodshade
Handlaga, økologiske påskeegg frå danske Woodshade, av nougat eller marsipan med sjokoladetrekk.
lammesadel
Lammesadel frå Dovrelam, av lam som har gått på høgfjellsbeite i Dovrefjell.
Lammekrydder V
Kva med økologisk krydder til lammet, dyrka gjennom ljose sommarnetter på Aukrust gard og urteri i Lom?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Earth Hour laurdag 19. mars

Ei lita påminning/oppfordring:
Laurdag  kl. 20.30 – 21.30 er det Earth Hour, dvs. den eine timen i året da folk over heile verda oppfordrast til å slå av all elektrisitet i ein heil time for å auke bevisstheita rundt klimapolitikken. Hjelp oss gjerne med å spreie denne grøn-glade bodskapen vidare!

Du kan lesa meir om Earth Hour 2016 her.

Vekesprodukt: Raske Retter

Denne veka vil vi vise fram seks ulike økologiske, lettvinte måltid produsert av Raske RetterØsterås i Oslo. Stefan Krogh, som er mannen bak Raske Retter, lanserte dei fyrste økologiske krydderblandingane sine i 2012, med forretningsidèen om å skape ein plass for økologiske tørrvarer i Toro-verda. Les meir om Raske Retter her.  

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi kan tilby følgjande produkt:

  • Kylling Thai
  • Kylling Tikka Masala
  • Kylling Sweet & Sour
  • Blomkålsuppe m/quinoa
  • Grønsakssuppe
  • Tacokrydder

Torsdag, fredag og laurdag vil vi ha smaksprøve på eitt av desse produkta. – «Lugume» hyttemåltid i påska?

Ny redesign delekveld: Lær å sy om klede m.m.!

th  Lær å sy om klede m.m.!

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar hjå oss.

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.4043032

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159, eller Trude, tlf: 9591 6859.

Velkomen!

recycled-suit-bagGrøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Gosjokoladen frå Follebu

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne veka vil vi vise fram denne gode og ikkje minst sunne sjokoladen frå Follebu i Gausdal. Sjokoladen er handlaga av Linda Solbakken og Ida Kristiansen, som byrja med økologisk sjokoladeproduksjon i 2010. Produkta er utan gluten, mjølk, kvitt raffinert sukker, kunstig søtning eller andre tilsetnadsstoff, og er søta med naturlege og reine ingrediensar som agave, yaconsirup og lokal honning. Vi har òg fått inn ein variant som passar for diabetikarar, som er søta med stevia og yaconsirup.

NøttekubbeKom innom torsdag, fredag eller laurdag for å smake denne unike sjokoladen, som er akkurat slik vi på Grøn tråd likar ho!

Du kan lesa meir om Gosjokoladen her: http://www.gosjokoladen.no/

Nå er hagefrøa her!

grønkålmiksgulrot-cosmic-purpleEin skulle ikkje tru det når ein kikar ut av glaset, men det er faktisk på tide å tenkje på grønsakshagen. Derfor har vi fylt opp frøhylla vår med over 50 slag hagebruksfrø, samt nokre nye spirefrø frå Solhatt økologisk hagebruk.

Vi er spesielt stolte av desse nykommarane i år:

  • norskproduserte frø til gule tomatar
  • lilla gulrot
  • grønkålmiks (4 ulike slag grønkål)
  • sukkermais
  • knutekål
  • chili
  • knollfennikel
  • sitronbasilikum
  • stevia

og fleire til… Velkomen innom butikken for å sjå resten av utvalet!