Vekesprodukt: Spelt foccacia

FocacciaSpelt foccacia frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold er visstnok eit vellykka resultat av ein studietur til Italia.  Den Gode Baker brukar norske ingrediensar så sant dei får tak i, og ein kan derfor seia at foccaciaen er ein norsk smak av Italia. Foccaciaen inneheld spelt, vatn, cherrytomat, oliven, pesto, honning, havsalt og gjær, og passar perfekt til t.d. salat og suppe, eller som niste og turmat.
Kom og få smaksprøve torsdag, fredag og laurdag!

Ny redesignkveld i Vågå!

thTysdag den 26. april frå kl. 19.00 arrangerar Grøn tråd ein ny omsyingskveld på Vågå frivilligsentral (Gammelstugu). Hit kan du ta med klede du vil sy om, stoffbitar m.m. og få hjelp og tips til å skape lekre plagg av dei. Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita står for ekspertisen, men her er det opent for at alle kan dele erfaring og kunnskap. Ta med sysaker og symaskin om du har.

Hjarteleg velkomen!

Vekesprodukt: Raudbete; ei stuttreist «supergrønsak»!

Vi vil altså denne veka slå eit slag for den sunne og gode raudbeta, og kan tilby lokale raubeter frå Søre Hosar i Skjåk.

Raudbete er rekna for å vera  den rotgrønsaken som har høgast innhald av antioksidantar. Ho inneheld òg mykje C-vitamin, og kan vera ei viktig kjelde til mineral som fosfor, kalsium og jern. Frå gamalt av var raudbeta faktisk hylla for dei medisinske eigenskapane sine, så vi meiner vi med rette kan kalle dette for ei (dels undervurdert) «supergrønsak».

Raudbeta kan nyttast til mange ulike matrettar, og vi vil torsdag, fredag og laurdag by på smaksprøve av raudbetdipp, som du kan finne oppskrifta på her. Vi har fleire raudbetoppskrifter på lager på oppskriftsida vår her på heimesida, samt på oppskriftsark i butikken.

Vekesprodukt: Spekepølser frå Aukrust!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
«Blå», «grøn», «raud» og «gul» spekepølse frå Aukrust.

Vi vil denne veka vise fram spekepølsene til Aukrust gard og urteri i Lom.

Spekepølsene kjem i fire variantar, som alle er laga av storfe- og grisekjøt frå eigne økologiske dyr og blod, spekk og sirup. Dei er smaksett med ulike øko. urter frå garden  samt krydder.  Ingen av pølsene er 100% økologiske, da dei inneheld nitritsalt. Spekepølsene er male og stappa hjå Skjåkmat og tørka på Aukrust.

Kom gjerne innom for ein smak torsdag, fredag eller laurdag!

 

Syltetøyveke!

F.v.:Vekesproduktet vårt denne veka er syltetøy frå Den lille tytingfabrikken på Sel og frå Kroken frukt og bær i Kroken i Sogn.

 

 

 

 

Den lille tytingfabrikken  drivast av Solveig Nymoen og Leif Ola Rønningen på garden Nedre Hamn på Sel. Solveig og Leif Ola kokar syltetøy av bær frå utmarka og hagane til bekjente, samt rabarbra frå bl.a. setra sine. Dei brukar både konvensjonelt og økologisk sukker og noko tilsetjingsstoff, men bær og rabarbra er så reine og naturlege som dei kan bli. Vi har for øyeblikket inne syltetøy av tyttebær (m/øko. sukker), jordbær (usprøyta og m/øko. sukker), blåbær (inkl. m/stevia), solbær og rabarbra.

Kroken frukt og bær er eit lite føretak som held til i Kroken i Luster kommune i Sogn,  som drivast av Anna-Lise Haukadal. Dei foredlar frukt og bær som for det meste er dyrka i Indre Sogn, delvis heime på eigen, økologisk drive  gard.  Skogsbær blir plukka lokalt. Vi kan tilby to av dei Debio-godkjende syltetøya deira, og desse er laga av stikkelsbær og bringebær.

Kom innom og få smaksprøve torsdag, fredag eller laurdag!