Vekesprodukt: Honningrista müsli

Denne veka vil vi gjerne vise fram honningrista müsli frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold. Müslien inneheld havregryn, honning, solsikkekjerner, hasselnøtter, sultaner, bokkveite, sesamfrø og linfrø, og ingrediensane er i den grad det er mogleg frå norsk landbruk.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

– Velkomen innom på smaksprøve av müslien torsdag, fredag eller larudag!

Nyheit! Lokaldyrka økologiske urter og grønsaker i potte

sjoaurter 023Den dyktige gartnaren Adi Bertoli står bak bedrifta Sjoa urter og grønt som har levert desse flotte plantene til oss. Dei er dyrka på Sjoa etter økologiske prinsipp og i Debio-godkjend jord, og er klare for utplanting i hagen din. Utvalet vil truleg bli utvida etter kvart, og består allereie av:

  • timian
  • basilikum-mynte
  • grønmynte
  • pepparmynte
  • kornblome
  • ringblome
  • salat
  • bondebønne
  • pipelauk
  • luftlauk
  • fransk estragon
  • ingefærmynte
  • jordskokk
  • bladpersille

Lever gjerne pottene attende til oss, for Adi blir glad om ho får dei i retur om du ikkje har bruk for dei. 🙂

Vekesprodukt: Norsk quinoa

Norsk quinoaQuinoaplanta kjem opprinneleg frå høgslettene i Peru og Bolivia, og har vore dyrka av dei innfødte der i tusenvis av år.  Quinoafrøa inneheld essensielle aminosyrer (protein) som lysin i tillegg til viktige mineral som jern, fosfor og kalsium , og  er p.g.a. sitt høge innhald av desse viktige næringsstoffa rekna for å vera eit fullverdig måltid i seg sjølv. Quinoafrø kan kokast og brukast omtrent som ris, og dei kan òg spirast. Kokt har dei omtrent same bruksområde som ris.

Marthe og Jardar Røhr-Godø starta selskapet Norsk Quinoa i 2013 og byrja å dyrke quinoa heime på Heramb Gård i Ringsaker. Dei er i gang med Debio-godkjenning av garden. Prosjektet var vellykka og populært, og dei leverar nå norsk quinoa til fleire butikkar og kooperativ i Norge. Faktisk går det så bra at dei ikkje klarar levere nok av frøa. Vi er så heldige at vi har fått ein sekk av dei, som vi sel i lausvekt.

Kom innom og få smaksprøve av quinoaen torsdag, fredag eller laurdag!

Les meir om Norsk Quinoa her.

 

Vekesprodukt: Yoghurt naturell frå Rørosmeieriet

Yoghurt naturellRøros Yoghurt Naturell er ein fyldig yoghurt med mild og frisk smak. Yoghurtoppskrifta er utvikla av Rørosmeieriet, og inneheld ei særeigen blanding av yoghurtkultur og den tradisjonsrike tettekulturen til Rørosmeieriet.

Forretningsidéen til  Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene»,  og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her.

Vekesprodukt: Kjøtkaker og karbonader frå Røroskjøtt

KjøtkakerRøroskjøtt, som held til i Os i Østerdalen, bearbeider og foredlar kjøtt av både storfe, kalv, sau og lam. Dei tek all slakten sin frå Røros slakteri, og i dei siste åra har dei vorte stadig større på økologisk kjøt. Dei Karbonaderhevdar at gjennom samarbeidet sitt med Røros Slakteri kan dei heilt nøyaktig spore alle produkta attende til produsenten og garden.

 

I butikken vår har vi kjøtkakene og karbonadene deira.  Kom innom og få  smaksprøve torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Norskprodusert posesuppe

Vi har fått inn fleire lettvinte og gode posesupper frå Raske Retter, så denne veka vil vi rett og slett ha posesuppeveke!

Raske Retter held til på Østerås i Oslo, og er drive av Stephan Krogh. I tillegg til å vera økologiske, er rettane frie for palmeolje eller modifisert stivelse, og dei er nøye tilpassa norske smakspreferanser med bl.a. lågt saltinnhald. På kvar pakning skildrast smakfulle tips til korleis du enkelt kan piffe opp suppene.

Vi kan tilby grønsakssuppe, tomatsuppe, blomkålsuppe m/quinoa og soppsuppe. Fredag  og laurdag (ikkje torsdag denne veka, sidan det er ein helligdag) kan du koma innom og få smake ei av suppene!