Vekesprodukt: Norsk quinoa

Norsk quinoaQuinoaplanta kjem opprinneleg frå høgslettene i Peru og Bolivia, og har vore dyrka av dei innfødte der i tusenvis av år.  Quinoafrøa inneheld essensielle aminosyrer (protein) som lysin i tillegg til viktige mineral som jern, fosfor og kalsium , og  er p.g.a. sitt høge innhald av desse viktige næringsstoffa rekna for å vera eit fullverdig måltid i seg sjølv. Quinoafrø kan kokast og brukast omtrent som ris, og dei kan òg spirast. Kokt har dei omtrent same bruksområde som ris.

Marthe og Jardar Røhr-Godø starta selskapet Norsk Quinoa i 2013 og byrja å dyrke quinoa heime på Heramb Gård i Ringsaker. Dei er i gang med Debio-godkjenning av garden. Prosjektet var vellykka og populært, og dei leverar nå norsk quinoa til fleire butikkar og kooperativ i Norge. Faktisk går det så bra at dei ikkje klarar levere nok av frøa. Vi er så heldige at vi har fått ein sekk av dei, som vi sel i lausvekt.

Kom innom og få smaksprøve av quinoaen torsdag, fredag eller laurdag!

Les meir om Norsk Quinoa her.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *