Vekesprodukt: Økologisk kylling frå Homlagarden i Hardanger

kylling-rett-før-omn-845x684Økologisk kylling frå Homlagarden er fri for narasin og har levd eit godt liv med mykje frisk luft og naturleg og økologisk fôr. Dei får òg leve lenger før slakt enn «konvensjonell» kylling, og er difor mykje større – omlag tre kilo i snitt.

Homlagarden  Aksnes i KvØkologisk kylling frå Hardangeram i Hardanger er ein nyskapande gardsbedrift som bidreg til utvikling av lokalt økologisk landbruk og god utnytting av ressursar gjennom samarbeid med andre gardar. Eit eksempel på dette er at dei leiger sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun om sommaren når sauen går i fjellet.

Velkomen innom oss torsdag, fredag eller laurdag for ein smak av Homlagardenkylling!

Vekesprodukt: Heilmjølk frå Røros!

HeilmjølkDenne veka er vekesproduktet vårt altså heilmjølk frå Rørosmeieriet, det framste økologiske meieriet i Norge. Mjølka er lågpasteurisert og ekstra smakfull, noko meieriet hevdar kjem av følgjande: «Der graset gror sakte, blir mjølka ekstra god. I økologisk gårdsdrift får gress og urter høyt næringsinnhold og blir til smaksrikt, saftig fôr til kua. Mjølka behandles skånsomt helt frem til ferdig produkt. Det gir ekstra smakfull mjølk med høy kvalitet.» (sjå http://www.rorosmeieriet.no).

 

 

Vi kan anbefale denne mjølka på det varmaste, og har du lyst til å prøve ho sjølv, må du gjerne koma innom og få smaksprøve torsdag, fredag eller laurdag.

Vekesprodukt: Eplemost frå Sogn

Eplemost frå Kroken frukt og bærEplemost frå Kroken frukt og bær innheld pressa og pasteurisert økologisk eple, – og ingenting anna! 🙂

Kroken frukt og bær  (http://www.haukadal.no) dyrkar økologisk på eigen gard, og i tillegg kjøper dei inn økologisk frukt og bær så lokalt som mogleg, dvs. i indre Sogn. Skogsbær blir plukka lokalt. Kroken lagar òg andre produkt av frukt og bær, og i butikken vår kan vi i tillegg til eplemost tilby stikkelsbær- og rabrabralimonade, samt stikkelsbær- og bringebærsyltetøy og appelsinmarmelade.

Torsdag, fredag og laurdag må du gjerne koma innom og få smaksprøve av eplemosten!

Vekesprodukt: Is frå Sogn!

Sidan det er skikkeleg istid om dagen, slår vi denne veka til med is frå Alm Gard i Feios i Sogn som vekesprodukt. Isen er heimelaga av nederlandske Laurien Geerse og Guus Morel, som i 2005 starta med isproduksjon av eigne gardsprodukt i eit produksjonsrom under huset. Isen deira inneheld ca. 15% luft, samanlinka med industriprodusert iskrem som ofte inneheld 50% luft.

Alm Gard lagar tre typar is: Fløyteis, yoghurtis og sorbet, og alle er glutenfrie. Yoghurtisen er utan egg og fløyte og sorbetisen inneheld berre frukt, røyrsukker og johannesbrødkjernemjøl. Dei brukar eigne nylagte egg (berre eggeplomme), eigen mjølk, fløyte og yoghurt og eigen frukt og bær så mykje som mogleg, og plukker blåbær og molter i fjellet.  Les meir om Alm Gard her.

Kom innom og få smaksprøve av denne nydelege isen torsdag, fredag eller laurdag!