Stikkelsbærlimonade frå Kroken i Sogn

stikkelsbærlimonade KrokenDet utvalde produktet vårt denne veka er økologisk stikkelsbærlimonade frå Kroken frukt og bær  i Sogn.

Limonaden er laga med økologisk dyrka stikkelsbær.  Kroken frukt og bær (http://www.haukadal.no) dyrkar økologisk på eigen gard, og kjøper  òg inn økologisk frukt og bær så lokalt som mogleg, dvs. i indre Sogn. I tillegg til råsaft av stikkelsbær inneheld limonaden økologisk råsukker, kullsyre og vatn.

Kroken lagar òg andre produkt av frukt og bær, og i butikken vår kan vi òg tilby fleire sortar syltetøy, samt rabrabralimonade og eplemost.

Kom innom torsdag, fredag eller laurdag for ein gratis smaksprøve.

 

Vekesprodukt: Urtesalt frå Aukrust gard og urteri i Lom

urtesalt aukrustIslandsk flaksalt med økologiske urter frå solveggen på Aukrust gard og urteri i Lom! Urtesaltet er samansett for å få fram mest mogleg aroma – slik at ein mellom anna ikkje treng bruke så mykje salt.

Saltbasen liknar mykje på det meir kjende, engelske maldonsaltet, men kjem altså frå Island, der saltet vert utvunne frå sjøvatn ved hjelp av vulkansk varme.

Både salt og urter er grove og malast før bruk. På denne måten får du alltid nymale urtesalt, som gjev den beste aromaen. Kjøper du urtesaltet med tilhøyrande kvern, får du ei kvern av god kvalitet. Eit kvernhus av keramikk sørgjer for at ho varer mykje lengre enn ei kvern med plastkvernhus. Du kan sjølvsagt òg kjøpe urtesaltet i refillpakkar utan kvern, om du ønskjer det.

Klassisk urtesalt frå Aukrust inneheld, i tillegg til islandsk flaksalt, lauk, persille, timian,  basilikum, selleriblad, grønkål, gulrot, dill, raudbet og paprika. Det er ei mild blanding som passar til alt, både varme og kalde rettar eller strødd over salat, ost, egg og mykje anna.

Kom innom torsdag, fredag eller laurdag for ein smak!

Vekesprodukt: Geitpølse frå Vågå

Geitpølse frå Valbjør gard i Vågå er laga av 75 % geitkjøt frå eigne geiter, 25% spekk av svin, samt salt, pepar, allehånde og karve. Dette er ein av få spekepølser som ikkje inneheld nitritsalt, noko vi tykkjer er supert! Pølsa er ikkje Debio-godkjend.

Den gamle, vakre garden Valbjør ligg i Øvre Nordherad i Vågå, og har drive med geit og økologisk drift i ein god del år. Les meir om Valbjør her.

Torsdag, fredag og laurdag har vi smaksprøve av geitpølsa, så kom gjerne innom og få ein smak!

Vekesprodukt: Øko. syltetøy frå Sogn

Denne  veka viser vi fram syltetøy frå Kroken frukt og bær i Kroken i Sogn. Syltetøyet deira inneheld økologisk bær eller frukt, rårøyrsukker, pektin og vinsyre, og er Debio-godkjend. I butikken vår har vi stikkelsbærsyltetøy, bringebærsyltetøy og appelsinmarmelade.

Kroken frukt og bær  (http://www.haukadal.no) dyrkar økologisk på eigen gard, og i tillegg kjøper dei inn økologisk frukt og bær så lokalt som mogleg, dvs. i indre Sogn. Skogsbær blir plukka lokalt. Kroken lagar òg andre produkt av frukt og bær, og i butikken vår kan vi i tillegg til syltetøy tilby stikkelsbærlimonade,  rabrabralimonade og eplemost.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag for å få smaksprøve!