Gulrot frå Skjåk

Gulrota vi har i butikken vår dyrkast på Søre Hosar i Skjåk, og ho kjem med jord på for å betre lagringskvaliteten. Gulrot er ei kilde til betakaroten, som omdannast til A-vitamin i kroppen, noko vi treng for å oppretthalde normal hud og normalt syn. Gulrot skal òg vera bra for fordøyinga p.g.a. høgt fiberinnhald.

Eivind Øvrelid på Søre Hosar produserer både økologiske gulrøter, kålrot og ulike typar beter, og er den einaste produsenten av økologisk stikklauk i Norge (så vidt vi er informerte). Grønsakene er Debio-godkjende, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Kvåle i Skjåk.

Vi har som vanleg smaksprøve av vekesproduktet vårt torsdag, fredag og laurdag, og det er mykje mogleg at vi slår til med ein heimelaga dip attåt gulrota!

Vekesprodukt: Sukkererter frå Skjåk

Desse sukkerertene frå Søre Kvåle i Skjåk er verkeleg noko for seg sjølve! Dei er av slaget brytsukkererter, som har ekstra tjukk og kjøtfull belgvegg, noko som gjer dei eksta sprøe og gode. Sukkerertsesongen er ofte stutt, så vi nyttar høvet denne veka til å vise fram ertene medan dei er på topp.

Ertene er dyrka av Jan Erik Mælhum på garden Søre Kvåle i Skjåk,  som vi òg får Troll- og Odinia-poteter frå seinare i sesongen. Grønsakene er økologisk godkjende, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Hosar i Skjåk.

Kom gjerne innom og få smaksprøve av desse knallgode sukkerertene torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Speltkjeks frå Stokke

Speltkjeks frå Den Gode Baker i Stokke er laga av sammale og sikta spelt, Rørossmør og Himalayasalt. Vi tilbyr òg ein variant som i tillegg inneheld chiafrø. Ingrediensane i kjeksen er norske så sant bakeriet får tak i dette.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

– Vi kan anbefale å prøve gul pesto frå Helios på kjeksen, det er veldig godt! Kom innom torsdag, fredag eller laurdag, så kan du få smake sjølv!

Vekesprodukt: Søstrene Råstads viltkrydder

viltkrydderDenne veka vil vi gjerne få vise fram viltkrydderet frå Søstrene Råstad. Det er ei krydderblanding med einerbær, rognebær, sar, oregano og ryllik som eigner seg særs godt til viltgryter og -sausar.

Urtene er økologiske, og dei er både dyrka, tørka og pakka på Nørdre Dalain i Skjåk av Ågot og Magnhild Råstad. Urtepoduksjonen på garden er Debio-godkjend, men det er ikkje pakkinga, og dimed er ikkje pakkene økomerka. Vi tykkjer det er viktigare at reine, stuttreiste økologiske produkt som dette kjem til sin rett enn kva som står på pakka! 😉Ågot Råstad

Vekesprodukt: Fibersnacks frå Stokke

Fibersnacks med ost og chili bakast av Den Gode Baker i Stokke i Vestfold. Fibersnacksen innheld egg, linfrø, sesamfrø, solsikkekjerner, ost, Himalayasalt og chili, og reknast for å vera eit lavkarboprodukt. Fibersnacksen er eit smakfullt og sunt alternativ til godteri om ein er litt småsvolten eller berre har lyst på noko sunt og godt.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

– Velkomen innom på smaksprøve torsdag, fredag og laurdag!