Vekesprodukt: Brunost frå Løten!

blandingsbrunostBlandingsbrunost frå  garden Ommang Søndre på Løten er laga skikkeleg på gamlemåten. Mjølka til desse ostane mjølkast for hand, og osten lagast av upasteurisert mjølk og med vedfyring, noko som gjev osten meir smak. Blandingsbrunosten inneheld kumyse, geitmyse og kufløyte.

Ommang Søndre er ein allsidig og biodynamisk gard, der det produserast mjølk og ostar, korn og mjøl, kjøt, honning, grønsaker og urter. Gardbrukarane er Bente Pünther og Gertjan de Snaijer, og dei driv  garden som eit andelslandbruk. Les meir om Ommang Søndre her.

Velkomen innom på smaksprøve av brunosten torsdag, fredag eller laurdag! Etter kvart kjem vi òg til å kunne tilby goudaost produsert på same gard.

Vekesprodukt: Grønkål frå Vågå!

Grønkål frå Nordigard Råstad i Vågå er vekesproduktet vårt denne veka. Det finst fleire typar grønkål, og den vi kan tilby nå er ein såkalla raud grønkål. Grønkål er rekna for å vera ei «supergrønsak» p.g.a. høgt innhald av bl.a. næringsstoffa jern, kalsium, fosfor, vitamin A og C. Norsk forskning hevdar i tillegg å ha funne ut at grønkål morvirkar veksten av kreftceller.

 

Thea Grobstok Dahlen og Hilding Jonassen på Nordigard Råstad i Vågå har i år satsa ekstra på produksjon av økologiske grønsaker. Vi kan tilby grønkål og buskbønner frå garden.

GrønkålsmoothieKom innom og få smaksprøve av grønkålsmoothie (http://www.grontrad.no/oppskrift/gronkalsmoothie/) torsdag, fredag eller laurdag! Vi har òg andre grønkåloppskrifter på lager.

Blåbærsaft frå Sogn

Blåbærsaft frå Kroken frukt og bær  i Sogn er det utvalde produktet vårt denne veka. Safta inneheld pressa og pasteurisert råsaft av øko. blåbær, økologisk rårøyrsukker og vinsyre.

Kroken frukt og bær (http://www.haukadal.no) dyrkar økologisk på eigen gard, og kjøper  òg inn økologisk frukt og bær så lokalt som mogleg, dvs. i Indre Sogn. Kroken lagar òg andre produkt av frukt og bær, og i butikken vår kan vi i tillegg til blåbærsafta tilby fleire sortar syltetøy, samt rabrabralimonade, stikkelsbærlimonade og eplemost.

Kom innom torsdag, fredag eller laurdag for ei gratis smaksprøve!