Tacoveke!

tacokrydderSom vekesprodukt denne veka har vi vald tacokrydder frå Raske Retter frå Østerås i Oslo. Dette er eit smaksrikt tacokrydder med to krydderposar som tilsetjast i to enkle steg, saman med kjøtdeig, tomatpuré, vatn og steikeolje. Mannen bak Raske Retter, Stefan Krogh, lanserte dei fyrste økologiske krydderblandingane sine i 2012, med forretningsidèen om å skape ein plass for økologiske tørrvarer i Toro-verda. Les meir om Raske Retter her.  

Til tacomåltidet kan vi i tillegg friste med fine og grove tortillawraps (tacolefser), sterk og søt salsa (tacosaus) og tortillachips frå Amaizin. Vi har òg rømme frå Rørosmeieriet, kyllingkjøtdeig frå Homlagarden og tomatpuré frå Helios, -nokså mange av dei ingrediensane du treng til eit økologisk tacomåltid, faktisk!

Torsdag, fredag og laurdag har vi smaksprøve av tacokrydderet, så kom gjerne innom og smak på!

Vekesprodukt: Lokal frukt og grønt

– Ja, det er faktisk sant: Vi slår til med lokale grønsaker som vekesprodukt nok ein gong… 😉 ! Dette fordi det er nå dei absolutt er på topp, særleg rotgrønsakene og kålvekstene.

 

 

 

I tillegg har vi fått inn litt frukt som vi gjerne vil vise fram litt ekstra, nemleg usprøyta og ugjødsla Haugmannepler frå Rustom på Kvam (begrensa mengde). Eplene er søte og gode på smak, og skal kunne lagrast nokre månader i eit kaldt og mørkt rom, t.d. i kjellar.

Det blir smaksprøve av både epler og eit par grønsaker, så kom gjerne innom og test dei ut sjølv torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Prim utan sukker frå Kvam!

Denne veka vil vi gjerne vise fram eit nytt produkt frå dalen, nemleg Fjellgo, som er ein heimelaga prim utan sukker frå Anne Ragnhild Korsvold Saglien  på Rustom gard på Kvam .  Anne m/familie har dølafe, ysteri på Rustom seter på Kvamsfjellet, og brukar om sommaren fjellbeite og berre litegrann kraftfor til foringa av dyra. Primen vi har fått frå dei er derfor omtrent så rein og stuttreist som vi kan få han. Han har òg ein særeigen smak sidan han ikkje er tilsett sukker.

Litt ekstra info om mat frå urfe: I følgje Nils Drabløs i laget for Vestlandsk Fjordfe skal mat frå gamalrasekyr som har gått på fjellbeite ha eit ekstra gunstig forhold mellom omega-6 feittsyrer og omega-3 feittsyrer.  I tillegg hevdar urfe.no at kjøtet frå norske landraser er ekstra finfibra og ekstra smaksrikt.

Kom gjerne innom og få smake denne unike primen torsdag, fredag eller laurdag!

And the winner is…

Martnaskonkurransa vår i år var å gjette vekta på denne «monstersquashen» frå hagen til Randi. Squashvekta endra seg litt kvar dag under martnan p.g.a. fordamping, så fredag vog han 1,818 kg, laurdag 1,81 kg og søndag 1,798 kg. Den som kom nærmast vekta var Robin Kleuskens frå Otta, som gjetta 1,82 kg på sjølve martnaslaurdagen. Med berre 10 grams forskjell fortener han verkeleg gåvekortet frå oss på 300 kr, tykkjer vi! Gratulere, Robin! 😀

Vekesprodukt: Grønsaker frå Nord-Gudbrandsdal

GulrotDenne veka vil vi gjera litt ekstra stas på lokalgrønsakene våre. Dette er produkt vi er spesielt glade i og stolte av. Det er ikkje alltid så lett å  oppfylle målet vårt om å selje varer som er både sunne, reine, økologiske og stuttreiste, men lokalgrønsakene våre lever opp til alle desse krava. Dei var òg dei første produkta vi selde da vi starta opp for drygt to år sidan. Grønsakene våre er økologisk dyrka og kjem frå Nordgard Aukrust i Lom, Søre Kvåle og Søre Hosar i Skjåk, og frå Nordgard Råstad i Vågå. Du kan lesa meir om dei lokale produsentane våre her.

Kom innom ein tur torsdag, fredag eller laurdag, så får du ein smak av dei friske økologiske lokalgrønsakene våre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA PolkabeterPurreSalat_croppedTomat_croppedOLYMPUS DIGITAL CAMERAKål