Siste redesignkveld for i år!

redesignkjoleLær å sy om klede m.m.!

 Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8), måndag 5. desember frå kl. 19.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159, eller Trude, tlf: 9058 6426.

 

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita

Vekesprodukt: Gløggkrydder frå Lom

Gløggkrydderet frå Aukrust gard og urteri i Lom er laga av kanel, ingefær, nype, nellikspikar, aroniabær, anis, heil kardemomme, stjerneanis og appelsinskal.  Det blandast med saft/vin, og skal trekkje i ca. 10 minutt. Vi tykkjer krydderet blir ekstra godt blanda med eplejuice.

Aukrust gard og urteri byrjar etter kvart å bli godt kjend, men viss du ønskjer å lesa litt meir om dei, kan du titte her, eller her.

Elles må du gjerne koma innom og få smake denne veldig gode gløggen hjå oss torsdag, fredag eller laurdag!

Har du bruk for øko. rosiner og mandlar til gløggen, kan vi tipse om at vi nå har desse i lausvekt, noko som betyr både mindre emballasje og litt mindre innhogg i pengepungen.

Te-veke!

Det er heilt tydeleg tid for te nå, så vi vil derfor nytte høvet til å vise fram det vi har av lokal te i butikken vår.

Alle dei lokale teane vi tilbyr er i lausvekt, og dei kjem frå Aukrust i Lom og Søstrene Råstad i Vågå/Skjåk.  Aukrust produserar mange ulike urte-, krydder-, frukt- og bærtear, medan Søstrene Råstad kun lagar to reine urtetear. Du kan lesa meir om Aukrust og Søstrene Råstad her.

Vi vil ha smaksprøve av nokre lokale tear torsdag, fredag og laurdag. Alle som kjem innom denne veka får elles ein gratis tepose (ikkje lokal) av oss. Velkomen til te-tid!

Julemarknad i Vågå

Randi på julemarknad i Ullinsvin i fjor.        OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Alucita-Elisabeth med redesignkleda sine og Grøn tråd blir laurdag 19. november å finne på julemarknad i Ullinsvin (prestegarden) i Vågå, frå kl. 10.00 – 15.00.

Vi kjem til å ha med oss mykje julegodt samt stuttreiste produkt, bl.a. den handlaga Gosjokoladen frå Follebu, gløggkrydder, julete m.m. frå Aukrust, julebakst frå Den Gode Baker og julesjokolade frå Woodshade Organics i Danmark.

På julemarknaden brukar det i tillegg til mange andre salsboder å vera både servering og andre ting som skjer, bl.a. er som oftast ein nisse innom.

Syltetøyveke!

Denne veka har vi vald stuttreist syltetøy som vekesprodukt. Syltetøya våre kjem frå Den lille tytingfabrikken på Sel og Kroken frukt og bær i Sogn.

Den lille tytingfabrikken  drivast av Solveig Nymoen og Leif Ola Rønningen på garden Nedre Hamn på Sel. Solveig og Leif Ola kokar syltetøy av bær frå utmarka og hagane til bekjente, samt rabarbra frå bl.a. setra sine. Dei brukar både konvensjonelt og økologisk sukker og noko tilsetjingsstoff, men bær og rabarbra er så reine og naturlege som dei kan bli. Vi har for øyeblikket inne syltetøy av tyttebær (m/øko. sukker), jordbær (usprøyta og m/øko. sukker), blåbær (inkl. m/stevia), solbær og rabarbra.

Kroken frukt og bær er eit lite føretak som held til i Kroken i Luster kommune i Sogn,  som drivast av Anna-Lise Haukadal. Dei foredlar frukt og bær som for det meste er dyrka i Indre Sogn, delvis heime på eigen, økologisk drive  gard.  Skogsbær blir plukka lokalt. Vi kan tilby tre av dei Debio-godkjende syltetøya deira, og desse er laga av stikkelsbær, bringebær og appelsin.

Vi vil ha smaksprøve av nokre syltetøy torsdag, fredag og laurdag. Velkomen innom!

Vekesprodukt: Epleknask frå Aukrust

 

 

 

 

 

Epleknask frå Aukrust er laga av økologiske eple frå Urnes i Sogn, samt graskarfrø og ingefær.  Dette er eit sunt og smaksrikt snacks, og det er ypparleg viss du t.d. er litt småsvolten eller vil ha ei sunn erstatning for potetgull. Kjekt å ha i veska eller tursekken!

Ola Aukrust driv Aukrust gard og urteri i Bøverdalen i Lom. Ola er ein erfaren urte- og grønsaksdyrkar, som produserer mange ulike produkt av både ferske og tørka urter (bl.a. tear og urteblandingar), samt dyrkar fleirfaldige grønsakerstyper og lagar ei eiga spekepølse av storfeet på garden. Urter og grønsaker frå Aukrust er både Debio– og Demetermerka. Demeter er merket for biodynamisk jordbruk, og har strengare krav enn vanleg økologisk merking. Du kan lesa meir om Aukrust gard og urteri her.

Ny redesignkveld!

-Litt sein beskjed (redesignkjolemå berre innrømme at vi har gløymt å reklamere per internett),  men i kveld arrangerer vi hausten sin fyrste delekveld, som blir ein redesignkveld. Denne blir i butikken vår (adr. Johan Nygårdsgt. 8, Otta) frå kl. 19.00, og vi har med oss sydame Elisabeth S. Wentzel frå Alucita som «ekspert» på redesign.

Ta gjerne med deg gamle «filler» og symaskin og kom, eller stikk innom for å sjå kva vi driv med. Varsle oss gjerne om du har tenkt å koma.

Velkomen til ein ny grøn sykveld!

Operasjon Dagsverk-dama vår!

Torsdag var franske Carole på oppdrag hjå oss under Operasjon Dagsverk. Dette er andre året vi har ein franskmann (eller rettare: franskjente) innom på OD-dagen, så dette byrjar tydelegvis å bli tradisjon på Grøn tråd! Ho fekk òg same oppgåver som jenta i fjor, nemleg å tørke støv, samt vaske og dekorere vindaugene i butikken. Vi takkar Carole for ein strålande innsats! 🙂