Vekesprodukt: Gosjokoladen frå Gausdal

NøttekubbeVi har nå fått inn eit «lass» med Gosjokoladen frå Sjokoladejentene i Follebu i Gausdal. Denne mørke sjokoladen er sukkerfri, glutenfri, laktosefri, raw og fairtrade, – stort sunnare sjokoloade må ein nok leite lenge etter! Ho er dessutan produsert økologisk så langt det let seg gjera, og i tillegg smakar ho heilt fortreffeleg!

KokosDu kan lesa meir om Gosjokoladen og Gokroppen (firmaet til sjokoladejentene) her.

Vi har smaksprøve av denne nydelege sjokoladen kvar dag fram mot jul.

Vekesprodukt: Grautris frå Helios m/lokalt tilbehør

Denne veka presenterer vi fleire vekesprodukt, som ein til saman kan nytte til å lage risengrynsgraut. Vi kan tilby følgjande: Helios grautris, heilmjølk  frå Rørosmeieriet (vi har òg lettmjølk), grautCeylon-kanel frå Aukrust, rårøyrsukker frå Cuba i lausvekt, samt havsalt og Himalayasalt i lausvekt.

For dei som likar litt salt kjøt attåt grauten, kan vi tilby fleire lokale spekepølser, med geit, elg, hjort, rein, gris og ku, og vi har òg mandel til grauten i lausvekt. Har du bruk for noko meir/anna til grauten din, er det berre å spørja oss!

Torsdag, fredag og laurdag kan du koma innom og få smake på risengrynsgrauten vår!

Opningstidar i desember

Slik blir opningstidene våre i desember:

Til og med 18. desember:
Måndag, tysdag, onsdag, fredag: 10-16
Torsdag: 10-17xmas
Laurdag: 10-15
Søndag: Stengt

Siste veka før jul (19.-23.12):
Måndag-fredag: 10-17

I romjula (27.-30.12.):
Tysdag-fredag: 10-15

Julaften, 1. og 2. juledag, nyttårsaften (24.-26.12, 31.12):
Stengt

Som vanleg held ikkje Grøn tråd søndagsope eller ekstra langopenkveldar fram mot jul. Grunnen til dette er at vi ønskjer å stå imot presset på opningstidene i varehandelen. Undersøkjingar viser at korkje butikkar eller kundar ønskjer frislepp av opningstidene, men når nokon byrjar opne lengre, må dei andre likevel følgje etter for ikkje å tape kundar. Resultatet blir mellom anna

  • rovdrift på naturen fordi folk handlar enda meir dei ikkje treng
  • rovdrift på dei butikktilsette som må jobbe til meir og meir
    ubekvemme tider
  • at vi alle får mindre og mindre tid som er fri frå stress og
    mas
  • at det blir dyrare å drive butikk fordi det trass alt er grenser
    for kor stort salspotensial det finst, noko som vidare fører til
    auka prisar.

Alt i alt håpar vi kundane våre set pris på at vi ønskjer dykk
(og oss) handlefrie søndagar og elles normale opningstider!

Venleg helsing Randi og Trude i Grøn tråd

Vekesprodukt: Spelt pepparkaker frå Stokke

Spelt pepparkaker frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold er vekesproduktet vårt denne veka. Dei inneheld sikta spelt, Rørossmør, røyrsukker, roesirup, mandlar, kanel, ingefær, nellik og natron.

Den Gode Baker vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og få smaksprøve av desse 100% økologiske og svært gode pepparkakene!