Vekesprodukt: Esekielbrød frå Stokke

Esekielbrødet har ei heilt spesiell namnehistorie: Profeten Esekiel, som står omtala i Esekiel 4:9 i det gamle testamentet i bibelen, får beskjed av Gud om å leva kun av eit brød med denne oppskrifta i 390 dagar (les meir om Esekiel og brødet hans her).  Brødet har etter kvart vorte det kanskje mest kjende brødet til Den Gode Baker, og er rekna for å vera spesielt næringsrikt. Det inneheld sammale spelt, Grandervatn, linser, mungbønner, hirse, Himalayasalt og gjær. Brødet er 90 % grovt, innheld ferskspira bønner/korn og er langtidsheva med minst mogleg gjær, mindre enn 0,5 g per brød. Heile bakeprosessen tek faktisk 3 dagar.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag for å få smaksprøve av brødet, samt av litt raud pesto frå Helios som tilbehør.

 

Ny redesignkveld

-Lær å sy om klede m.m.!

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar

søndag 29. januar frå kl. 18.00!

Denne gongen blir redesignkvelden halde heime hjå ein av deltakarane, med adresse Heidalsvegen 2190. Ta gjerne kontakt med Randi på tlf. 900 58 159 om du tenkjer å koma, så får du vegforklaring og info. om samkøyring.

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, alle tek med litt enkel mat/biteti kvar, som vi deler på. Verten står for drikke.

Velkomen!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Raudost frå Kvam

Som vekesprodukt denne veka har vi eit heilt nytt produkt frå dalen, nemleg Fjellgo raudost, som er ein heimelaga raudost frå Anne Ragnhild Korsvold Saglien  på Rustom gard på Kvam. Anne m/familie har dølafe, ysteri både på Rustom seter på Kvamsfjellet og heime på garden, og brukar om sommaren fjellbeite og berre litegrann kraftfor til foringa av dyra. Vi har tidlegare fått prim frå setra deira, og  vi har nå inne både raudosten og primen, som båe innheld kun mjølk (ikkje sukker o.l.).  Produkta er om vinteren ikkje økologiske, sidan dyra da får konvensjonelt kraftfor. Stort meir stuttreiste mjølkeprodukt er det derimot ikkje så lett å finne, og heller ikkje ei stort meir entusiastisk budeie!

Litt ekstra info om mat frå urfe: I følgje Nils Drabløs i laget for Vestlandsk Fjordfe skal mat frå gamalrasekyr som har gått på fjellbeite ha eit ekstra gunstig forhold mellom omega-6 feittsyrer og omega-3 feittsyrer.  I tillegg hevdar urfe.no at kjøtet frå norske landraser er ekstra finfibra og ekstra smaksrikt.

Kom gjerne innom og få smake denne unike raudosten torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Vegetarburger frå Oslo

Vegetarburger gulrot og purreVegetarburgerVegetarburger paprika og fullkorn

 

 

 

 

 

 

Desse tre  vegetarbugerane til  Raske Retter på Østerås i Oslo, er verdt å smake på. Vi kan tilby variantane vegetarburger med gulrot og purre, og med blomkål og brokkoli, samt fullkornsburger med tomat og paprika. Framgangsmåten er å blande innhaldet i pakkene med eit egg, og deretter forme og steikje burgerane, -enkelt og greit! På kvar pakke kjem det forslag til passande tilbehør.

Stefan Krogh, som er mannen bak Raske Retter, lanserte dei fyrste økologiske krydderblandingane sine i 2012, med forretningsidèen om å skape ein plass for økologiske tørrvarer i Toro-verda. Les meir om Raske Retter her.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og smak på desse gode burgerane.

Vekesprodukt: Rørosrømme

Denne veka vil vi presentere rømme frå Rørosmeieriet. Denne rømmen er laga av fløyte og mjølkesyrekultur, og han er langtidssyrna, lavpasteurisert og ikkje-homogenisert. Dette gjev ein ekstra smakfull rømme med høg kvalitet og fløyelsmjuk konsistens. Rømmen er kokestabil og passar godt i både sausar, supper, dressingar og dip. Serveringstips: Du kan lage ein veldig god dip ved å blande rømmen med krydder til smør, poteter og salat frå Søstrene Råstad. -Nam-nam! : -)

Forretningsidéen til  Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene»,  og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her.

Kom innom og få smaksprøve av rømmen torsdag, fredag eller laurdag!

Sal på julevarer og Gosjokoladen

Vi har nå sal på julevarer:

  • «Christmas Collection» fruktgummi frå Økovital
  • Spelt pepparnøtter og spelt pepparkaker frå Den Gode Baker
  • Sjokoladekonfekt frå Woodshade Organics.
  • Vi har òg sal på Gosjokoladen frå Follebu, med smakane kokos, nøttekubbe, lakris og kakao rørepinne. Desse sjokoladene er alle sukker-, laktose- og glutenfrie, samt fairtrade og så langt det er mogleg økologiske.

Velkomen innom på nyåret!

Vekesprodukt: Speltkjeks m/Rørossmør

Speltkjeks frå Den Gode Baker i Stokke er laga av sammale og sikta spelt, Rørossmør og Himalayasalt. Vi tilbyr òg ein variant som i tillegg inneheld chiafrø. Ingrediensane i kjeksen er norske så sant bakeriet får tak i dette.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kjem du innom torsdag, fredag eller laurdag, så kan du få smaksprøve av kjeksen, og vi sprettar ei krukke med pesto frå Helios som tilbehør.