Vekesprodukt: Raudost frå Kvam

Som vekesprodukt denne veka har vi eit heilt nytt produkt frå dalen, nemleg Fjellgo raudost, som er ein heimelaga raudost frå Anne Ragnhild Korsvold Saglien  på Rustom gard på Kvam. Anne m/familie har dølafe, ysteri både på Rustom seter på Kvamsfjellet og heime på garden, og brukar om sommaren fjellbeite og berre litegrann kraftfor til foringa av dyra. Vi har tidlegare fått prim frå setra deira, og  vi har nå inne både raudosten og primen, som båe innheld kun mjølk (ikkje sukker o.l.).  Produkta er om vinteren ikkje økologiske, sidan dyra da får konvensjonelt kraftfor. Stort meir stuttreiste mjølkeprodukt er det derimot ikkje så lett å finne, og heller ikkje ei stort meir entusiastisk budeie!

Litt ekstra info om mat frå urfe: I følgje Nils Drabløs i laget for Vestlandsk Fjordfe skal mat frå gamalrasekyr som har gått på fjellbeite ha eit ekstra gunstig forhold mellom omega-6 feittsyrer og omega-3 feittsyrer.  I tillegg hevdar urfe.no at kjøtet frå norske landraser er ekstra finfibra og ekstra smaksrikt.

Kom gjerne innom og få smake denne unike raudosten torsdag, fredag eller laurdag!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *