Vekesprodukt: Esekielbrød frå Stokke

Esekielbrødet har ei heilt spesiell namnehistorie: Profeten Esekiel, som står omtala i Esekiel 4:9 i det gamle testamentet i bibelen, får beskjed av Gud om å leva kun av eit brød med denne oppskrifta i 390 dagar (les meir om Esekiel og brødet hans her).  Brødet har etter kvart vorte det kanskje mest kjende brødet til Den Gode Baker, og er rekna for å vera spesielt næringsrikt. Det inneheld sammale spelt, Grandervatn, linser, mungbønner, hirse, Himalayasalt og gjær. Brødet er 90 % grovt, innheld ferskspira bønner/korn og er langtidsheva med minst mogleg gjær, mindre enn 0,5 g per brød. Heile bakeprosessen tek faktisk 3 dagar.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag for å få smaksprøve av brødet, samt av litt raud pesto frå Helios som tilbehør.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *