Vekesprodukt: Speltkjeks m/Rørossmør

Speltkjeks frå Den Gode Baker i Stokke er laga av sammale og sikta spelt, Rørossmør og Himalayasalt. Vi tilbyr òg ein variant som i tillegg inneheld chiafrø. Ingrediensane i kjeksen er norske så sant bakeriet får tak i dette.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kjem du innom torsdag, fredag eller laurdag, så kan du få smaksprøve av kjeksen, og vi sprettar ei krukke med pesto frå Helios som tilbehør.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *