Vekesprodukt: Egg frå Sel

På garden Nedre Havn i Verkensbakkom på Selsverket trippar det mange slag høner, som alle er frittgåande og går ute heile sommaren.  Her finn ein blant vanlege kvite Lomanegg mørkebrune egg frå hønetypa Maran, grøne egg frå rasen Araucanaer, turkis egg frå rasen Créme Legbar og «rosa» (ljose brune) egg frå rasen Wyandotte. Hønene får økologisk kraftfor, men egga er ikkje Debio-godkjende.

Den lille tytingfabrikken  drivast av Solveig Nymoen og Leif Ola Rønningen på garden Nedre Havn på Sel, og er nok betre kjend for produksjon av syltetøy.

Kom gjerne innom og få smake på egga torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Spekepølser frå Aukrust

Desse spekepølsene frå Aukrust gard og urteri i Lom kjem i fire variantar, som alle er laga av storfe- og grisekjøt frå eigne økologiske dyr samt blod, spekk og sirup. Dei er smaksett med ulike øko. urter frå garden  pluss krydder.  Ingen av pølsene er 100% økologiske, da dei inneheld nitritsalt. Spekepølsene er male og stappa hjå Skjåkmat og tørka på Aukrust.

Aukrust gard og urteri i Bøverdalen i Lom drivast fyrst  og framst av Ola Aukrust. Ola er ein erfaren urte- og grønsaksdyrkar, som nok er best kjend for produksjon av mange ulike produkt av både ferske og tørka urter (bl.a. tear og urteblandingar), samt fleirfaldige grønsakstyper. Urter og grønsaker frå Aukrust er både Debio– og Demetermerka. Demeter er merket for biodynamisk jordbruk, og har strengare krav enn vanleg økologisk merking.

Kom gjerne innom for ein smak av spekepølse torsdag, fredag eller laurdag!

Ny redesignkveld!

Lær å sy om klede m.m.!

 Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),               

torsdag 23. februar frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159, eller Trude, tlf: 9058 6426.

Velkomen!

 

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Kylling thai frå Østerås

Vekesproduktet nå er kylling thai frå Raske Retter på Østerås i Oslo. Dette er ein poserett der ein tilset nokre få andre ingrediensar. Denne sursøte retten er meir sterk enn søt, og er dermed litt annleis enn andre sursøte rettar.

Raske Retter  drivast av Stephan Krogh. I tillegg til å vera økologiske, er rettane frie for palmeolje eller modifisert stivelse, og dei er nøye tilpassa norske smakspreferanser med bl.a. lågt saltinnhald. Stefan Krogh lanserte dei fyrste økologiske krydderblandingane sine i 2012, med forretningsidèen om å skape ein plass for økologiske tørrvarer i Toro-verda. Les meir om Raske Retter her.

Som vanleg har vi smaksprøve av vekesproduktet torsdag, fredag og laurdag. Velkomen innom!

Vekesprodukt: Yoghurt naturell frå Rørosmeieriet

Røros Yoghurt Naturell er ein fyldig yoghurt med mild og frisk smak. Yoghurtoppskrifta er utvikla av Rørosmeieriet, og inneheld ei særeigen blanding av yoghurtkultur og den tradisjonsrike tettekulturen til Rørosmeieriet.

Forretningsidéen til  Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene»,  og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her.

Torsdag, fredag og laurdag kan du koma innom og få smaksprøve av denne gode yoghurten.