Vekesprodukt: Lynghonning frå Lillehammer og Gausdal

Vi viser denne veka fram lynghonning frå Gausdal og Lillehammer bigårder. Gausdal og Lillehammer bigårder røktar ca. 125 bikubar, med ca. 6 millionar bier.

Denne honningen er ikkje økologisk, men han er eit reint naturprodukt, altså heilt utan tilsetnadsstoff. Lynghonning er mørk og har ein kraftigare smak enn sommarhonning, og biene hentar nektaren frå røsslyng om hausten. Lynghonning inneheld fleire vitaminar og mineral enn sommerhonning. Honning er rik på ulike vitaminar og mineral, og er derfor eit sunnare alternativ enn sukker.

Litt generell honninginfo: Honning smakar ikkje berre godt og er sunt, men seiast òg å kunne brukast til behandling av hoste, vond hals, sår og i hud- og hårpleie m.m.. For å få best effekt av honning, bør han vera rå, dvs. ikkje varmebehandla over ca. 40 grader Celsius. Da forringast nemleg ikkje dei helsebringande vitamina, enzyma og probiotiske bakteriane i honningen. Hugs at spedbarn under 1 år ikkje skal ha honning p.g.a. risiko for spedbarnsbotulisme.

Ny redesignkveld 24. april

Lær å sy om klede m.m.!

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),                  

måndag 24. april frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159, eller Trude, tlf: 9058 6426.

Velkomen!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita

Vekesprodukt: Vårmorgon-te frå Aukrust

 

 

 

 

 

 

 

Det er vår, og da kan det vera godt med ein forfriskande, rensande te for å drive ut vinteren. Denne veka viser vi fram urte-teen Vårmorgon frå Aukrust gard og urteri i Lom, som inneheld pepparmynte, bjørkeblad, brennesle, ryllik, samt blad, rot og blome av løvetann. Fleire av desse urtane har ord på seg for å vera rensande, dvs. at dei hjelp til med å fjerne giftstoff frå kroppen.  Denne teen smakar òg veldig godt, t.d. til frukost.

Aukrust gard og urteri, som produserar teen, kan du lesa meir om her og her.

Vi har smaksprøve av teen torsdag, fredag og laurdag, så kom gjerne innom for ein smak!

Opningstider i påska

Vi ønskjer velkomen til påskehandel

  • måndag 10. april frå 10-17
  • tysdag 11. april frå 10-17
  • onsdag 12. april frå 10-15
  • Påskeeftaen stengt

Resten av påska er handlefrie dagar hjå oss. Då ønskjer vi alle våre kundar deilige avslappande dagar utan stress og mas. Over påske er de alle velkomne attende!

Grøn helsing frå
Randi og Trude