Vekesprodukt: Grove rundstykke frå Den Gode Baker

Desse sprøe og gode rundstykkene  frå Den Gode Baker har ein grovheitsprosent på 12%, og dei er ordentleg mettande. Rundstykkene inneheld sikta kveite, vatn, speltkli, maltekstrakt, frøblanding (solsikkekjerner, linfrø, sesamfrø, hirse, bokkveite), gjær og Himalayasalt, og dei er pynta med ei rik frøblanding. Dei steikjast i ca. 10 min. på 210 grader Celsius. Du finn dei i frysaren vår på Grøn tråd, med 10 stk. i kvar pakke. Torsdag, fredag eller laurdag kan du koma innom å få smake på rundstykkene sjølv!

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

 

Veksprodukt: Rabarbralimonade frå Sogn

Det utvalde produktet vårt denne veka er rabarbralimonade frå Kroken frukt og bær  i Sogn.

Limonaden er laga av økologisk dyrka rabarbra.  Kroken frukt og bær (http://www.haukadal.no) dyrkar økologisk på eigen gard, og kjøper  òg inn økologisk frukt og bær så lokalt som mogleg, dvs. i indre Sogn. I tillegg til råsaft av rabarbra inneheld limonaden økologisk råsukker samt vatn.

Kroken lagar òg andre produkt av frukt og bær, og i butikken vår kan vi òg tilby syltetøy av bringebær, stikkelsbær og appelsinmarmelade, samt stikkelsbærlimonade og eplemost.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag for ei gratis smaksprøve!

Vekesprodukt: Perlebygg frå Holli Mølle

Perlebygg frå Holli Mølle er laga av avskala byggkjerner som er polerte etter ei sydeuropeisk metode. Perlebygg er fyldig på smak og er eit sunt og godt alternativ til ris, pasta, coucous o.l., og kan for eksempel nyttast  i supper, gryterrettar, salatar og risotto. Bygg er rik på antioksidantar og har ein låg glykemisk indeks, dvs. at det gjev låg og stabil blodsukkerpåverknad. På pakkene med perlebygg står det framgangsmåte ved koking (omtrent som ris),  samt oppskrift på «kylling med perler». Her finn de òg ei oppskrift på tradisjonell erte- og byggrynssuppe. Kom gjerne innom Grøn tråd og få smake på kokte perlebygg torsdag, fredag eller laurdag!

Holli Mølle held til på garden Holli i Spydeberg i Østfold. Dagleg leiar Trygve Nesje er oppteken av stuttreist mat, og mjølet frå mølla er male av økologisk korn frå eigen gard og frå andre økogardar på Austlandet. På nettsida deira finn du meir informasjon om dei ulike gardane kornet kjem frå. Holli Mølle produserar steinmale mjøl av både vanleg kveite og landkveite, vanleg rug og svedjerug, spelt, emmer, einkorn og havre.

 

Vekesprodukt: Tomatsuppe frå Raske Retter

 

 

 

 

Nå skal tomatsuppa vår testast ut på dykk kundane våre ;-)! Tomatsuppa produserast av Raske Retter, og ho er eit ypparleg alternativ når du ikkje har tid til å lage suppe frå botnen av.   På pakninga skildrast smakfulle tips til korleis du enkelt kan piffe opp suppa. Torsdag, fredag  og laurdag  er du velkomen til å koma innom og smake på tomatsuppa!

Vi kan i tillegg tilby fire andre supper frå Raske Retter: Grønsakssuppe, blomkålsuppe m/quinoa, brokkolisuppe m/grøn spelt og soppsuppe.

Raske Retter held til på Østerås i Oslo, og er drive av Stephan Krogh. I tillegg til å vera økologiske, er rettane frie for palmeolje og modifisert stivelse, og dei er nøye tilpassa norske smakspreferanser med bl.a. lågt saltinnhald.

 

Vekesprodukt: Spelt sjokonøtt

Har du lyst på litt økologisk snacks til kaffe-/tekosen, så er spelt sjokonøtt frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold eit godt val.  Desse smaksrike kjeksane er laga av rårøyrsukker, smør, sammale spelt, hasselnøtter, kakao, egg og bakepulver. Kjeksane er små og såpass mektige at ein ikkje nødvendigvis treng så mange om gongen.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag for å få smaksprøve  av spelt sjokonøtt!