Vekesprodukt: Perlebygg frå Holli Mølle

Perlebygg frå Holli Mølle er laga av avskala byggkjerner som er polerte etter ei sydeuropeisk metode. Perlebygg er fyldig på smak og er eit sunt og godt alternativ til ris, pasta, coucous o.l., og kan for eksempel nyttast  i supper, gryterrettar, salatar og risotto. Bygg er rik på antioksidantar og har ein låg glykemisk indeks, dvs. at det gjev låg og stabil blodsukkerpåverknad. På pakkene med perlebygg står det framgangsmåte ved koking (omtrent som ris),  samt oppskrift på «kylling med perler». Her finn de òg ei oppskrift på tradisjonell erte- og byggrynssuppe. Kom gjerne innom Grøn tråd og få smake på kokte perlebygg torsdag, fredag eller laurdag!

Holli Mølle held til på garden Holli i Spydeberg i Østfold. Dagleg leiar Trygve Nesje er oppteken av stuttreist mat, og mjølet frå mølla er male av økologisk korn frå eigen gard og frå andre økogardar på Austlandet. På nettsida deira finn du meir informasjon om dei ulike gardane kornet kjem frå. Holli Mølle produserar steinmale mjøl av både vanleg kveite og landkveite, vanleg rug og svedjerug, spelt, emmer, einkorn og havre.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *