Vekesprodukt: Spelt sjokonøtt

Har du lyst på litt økologisk snacks til kaffe-/tekosen, så er spelt sjokonøtt frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold eit godt val.  Desse smaksrike kjeksane er laga av rårøyrsukker, smør, sammale spelt, hasselnøtter, kakao, egg og bakepulver. Kjeksane er små og såpass mektige at ein ikkje nødvendigvis treng så mange om gongen.

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag for å få smaksprøve  av spelt sjokonøtt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *