Vekesprodukt: Havregryn frå Holli Mølle

Denne veka viser vi fram havregryn frå Holli Mølle i Østfold. Desse  havregryna er store og eignar seg godt til graut, baking av brød og kaker m.m.. Ei gunstig fettsyresamansetning og mykje fiber i form av betaglukan gjer havre sunt og godt, i følgje Holli Mølle.

Torsdag, fredag og laurdag kjem vi til å ha smaksprøve av havregraut. Det kan anbefalast å blande oppi rosinar, blåbær og mosa banan, -nam-nam!

Holli Mølle held til på garden Holli i Spydeberg i Østfold. Dagleg leiar Trygve Nesje er oppteken av stuttreist mat, og mjølet frå mølla er male av økologisk korn frå eigen gard og frå andre økogardar på Austlandet. På nettsida deira finn du meir informasjon om dei ulike gardane kornet kjem frå. Holli Mølle produserar steinmale mjøl av både vanleg kveite og landkveite, vanleg rug og svedjerug, spelt, emmer, einkorn og havre.

Vekesprodukt: Fibersnacks m/ost og chili

Fibersnacks med ost og chili bakast av Den Gode Baker i Stokke i Vestfold. Fibersnacksen innheld egg, linfrø, sesamfrø, solsikkekjerner, ost, Himalayasalt og chili, og reknast for å vera eit lavkarboprodukt. Fibersnacksen er eit smakfullt og sunt alternativ til godteri om ein er litt småsvolten eller berre har lyst på noko sunt og godt.

Kom gjerne innom og smak på fibersnacksen torsdag, fredag eller laurdag!

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.

 

Vekesprodukt: Peparmiks frå Aukrust

Har du ikkje lyst til å dra heilt dit pepparen gror for å få tak i god, økologisk peppar? Da kan du koma til Grøn tråd i staden!

Pepparmix frå Aukrust gard og urteri i Lom inneheld svart, kvit og grøn peppar, samt rosa bær (som ikkje  stammar frå pepparbusken Piper Nigrum). I følgje Aukrust veks pepparen han importerar i Indonesia. Vi har smaksprøve av denne pepparmiksen torsdag, fredag og laurdag, så kom gjerne innom da og smak!

Aukrust gard og urteri i Bøverdalen i Lom drivast av Ola Aukrust, som er ein erfaren urte- og grønsaksdyrkar. På garden  til Ola, Nordgard Aukrust, produserast det mange ulike produkt av både ferske og tørka urter (bl.a. tear og urteblandingar), samt fleirfaldige grønsakstypar og fire spekepølser av storfeet på garden. Urter og grønsaker frå Aukrust er både Debio– og Demetermerka. Demeter er merket for biodynamisk jordbruk, og har strengare krav enn vanleg økologisk merking.

Vekesprodukt: Kylling Kashmir frå Raske Retter

Vekeproduktet vårt denne veka er Kylling Kashmir, som er ein Indiainspirert poserett frå Raske Retter i Oslo.  På pakninga skildrast smakfulle tips til korleis du enkelt kan piffe opp retten. Torsdag, fredag  og laurdag må du gjerne koma innom og smake på denne eksotiske retten!

Vi kan tilby fleire andre lettvintmåltid frå Raske Retter, til bruk saman med både kylling, fisk og kjøt eller som vegetar.

Raske Retter held til på Østerås i Oslo, og er drive av Stephan Krogh. I tillegg til å vera økologiske, er rettane frie for palmeolje og modifisert stivelse, og dei er nøye tilpassa norske smakspreferanser med bl.a. lågt saltinnhald.