Vekesprodukt: Glutenfritt knekkebrød frå Den Gode Baker

 

Vi er så fornøgde med å endeleg ha funne eit godt, norskprodusert, glutenfritt økologisk knekkebrød at vi viser det fram som vekesproduktet denne veka.

Knekkebrødet er knasande sprøtt og inneld økologiske, glutenfri havregryn, tapoikamix, solsikke, sesam, linfrø, rapsolje, vatn og himalayasalt.

Den Gode Baker held til i Sandefjord og starta med ein bakar som var lei av halvfabrikata og tilsetningsstoff. Dei bakar brød, rundstykke, kjeks og mykje anna godt av reine, økologiske råvarer, og har fleire glutenfrie produkt.

På torsdag, fredag og laurdag har vi gratis smaksprøve på det glutenfrie, økologiske knekkebrødet. Velkomen innom for ein smak!

Vekesprodukt: Is frå Feios i Sogn

Denne veka vil vi vise fram heimelaga is frå Alm Gard i Feios i Sogn. Isen finst som fløyteis, yoghurtis og sorbet, i 100 ml- og 500 ml-boksar, og vi kan tilby dei tradisjonalle smakane sjokolade, vanilje, karamell, blåbær,  jordbær og bringebær, samt dei meir spreke smakane cappucino, lakris, sitron-honning, tyttebær, molte-appelsin, lavendel, plomme og pære med Amaretto.

Velkomen innom for å smake på isen torsdag, fredag og laurdag!

Alm gard er eit økologisk småbruk i Feios (Vik kommune). Her produserar nederlandske Laurien Geerse og Guus Morel is i eit produksjonsrom under huset, og dei nyttar mest mogleg eigne egg, mjølk, fløyte, yoghurt, frukt og bær. Les meir om Alm Gard her: http://www.almgard.com/no/

Meir is frå Sogn!

Vi har fått påfyll av den nydelege, heimelaga isen frå Alm Gard i Sogn! I år er det fleire spennande nye smakar samt dei gode, gamle smakane, og vi har ulike variantar av både fløyteis, yoghurtis og sorbet.

Alm gard er eit økologisk småbruk i Feios (Vik kommune). Her produserar nederlandske Laurien Geerse og Guus Morel is i eit produksjonsrom under huset, og dei nyttar mest mogleg eigne egg, mjølk, fløyte, yoghurt, frukt og bær. Les meir om Alm Gard her: http://www.almgard.com/no/

Vekesprodukt: Krydder til smør, salat og poteter frå Vågå/Skjåk

Denne veka vil vi gjerne få vise fram ei allsidig og svært velsmakande urteblanding frå Søstrene Råstad frå Vågå/Skjåk. Urteblandinga inneheld dill, persille, purre, russisk estragon og ringblome, og ho passar spesielt godt til smør, salat og poteter. Blandinga kan òg gjerne brukast til t.d. fiskerettar og i rømme.

Torsdag, fredag og laurdag blandar vi dette krydderet med Rørosrømme så alle kan få smake kor godt det er. Velkomen innom! Vi kan òg tilby viltkrydder, fiskekrydder, kjøttkrydder, pizzakrydder og to typar te frå frå desse to driftige søstrene.

Urtene er økologiske, og dei er både dyrka, tørka og pakka på Nørdre Dalain i Skjåk av Ågot og Magnhild Råstad, som båe er oppvakse på Nordgard Råstad i Vågå. Urtepoduksjonen på garden er Debio-godkjend, men det er ikkje pakkinga, og dermed er ikkje pakkene økomerka. Vi tykkjer det er viktigare at reine, stuttreiste økologiske produkt som dette kjem til sin rett enn kva som står på pakka! 😉

Vekesprodukt: Fersk salat frå Aukrust!

Salaten til Aukrust gard og urteri i Lom er både stuttreist og økologisk, til og med biodynamisk (dvs. at det setjast enda strengare krav enn ved økologisk dyrking), og han innfrir dermed glatt forventningane våre til eit fyrsteklasses vekesprodukt. Denne salaten smakar i tillegg ypparleg! Ola Aukrust og folka hans byrjar dyrke salat tidleg om våren, og held på til frosten kjem om hausten.

Når det er sesong bestiller vi blanda salat som vi mottek kvar onsdag. Torsdag, fredag og laurdag denne veka vil vi ha smaksprøve av salaten. Velkomen innom!

Les meir om Aukrust gard og urteri her.