Vekesprodukt: Is frå Feios i Sogn

Denne veka vil vi vise fram heimelaga is frå Alm Gard i Feios i Sogn. Isen finst som fløyteis, yoghurtis og sorbet, i 100 ml- og 500 ml-boksar, og vi kan tilby dei tradisjonalle smakane sjokolade, vanilje, karamell, blåbær,  jordbær og bringebær, samt dei meir spreke smakane cappucino, lakris, sitron-honning, tyttebær, molte-appelsin, lavendel, plomme og pære med Amaretto.

Velkomen innom for å smake på isen torsdag, fredag og laurdag!

Alm gard er eit økologisk småbruk i Feios (Vik kommune). Her produserar nederlandske Laurien Geerse og Guus Morel is i eit produksjonsrom under huset, og dei nyttar mest mogleg eigne egg, mjølk, fløyte, yoghurt, frukt og bær. Les meir om Alm Gard her: http://www.almgard.com/no/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *