Vekesprodukt: Krydder til smør, salat og poteter frå Vågå/Skjåk

Denne veka vil vi gjerne få vise fram ei allsidig og svært velsmakande urteblanding frå Søstrene Råstad frå Vågå/Skjåk. Urteblandinga inneheld dill, persille, purre, russisk estragon og ringblome, og ho passar spesielt godt til smør, salat og poteter. Blandinga kan òg gjerne brukast til t.d. fiskerettar og i rømme.

Torsdag, fredag og laurdag blandar vi dette krydderet med Rørosrømme så alle kan få smake kor godt det er. Velkomen innom! Vi kan òg tilby viltkrydder, fiskekrydder, kjøttkrydder, pizzakrydder og to typar te frå frå desse to driftige søstrene.

Urtene er økologiske, og dei er både dyrka, tørka og pakka på Nørdre Dalain i Skjåk av Ågot og Magnhild Råstad, som båe er oppvakse på Nordgard Råstad i Vågå. Urtepoduksjonen på garden er Debio-godkjend, men det er ikkje pakkinga, og dermed er ikkje pakkene økomerka. Vi tykkjer det er viktigare at reine, stuttreiste økologiske produkt som dette kjem til sin rett enn kva som står på pakka! 😉

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *