Vekesprodukt: Grillkrydder frå Aukrust

Sidan vêrmeldinga ser ut til å lova oss meir finvêr framover, satsar vi på grillvêr ei stund til! 🙂

Vi nyttar høvet til å vise fram grillkrydder frå Aukrust i Lom, som inneheld salvie, merian, oregano, sar, kvit pepar, rosepeppar, chili, kvitlauk, basilikum, gul/brun sennep og paprika. Denne urte- og krydderblandinga er fin til å marinere kjøtet i før grilling eller langtidssteiking i ovn, og kan òg nyttast i t.d. oljer og sausar. Sidan krydderet er nokså grovt og inneheld heile pepparkorn, kan du gjerne knuse krydderet i morter eller kvern før bruk.

Velkomen innom torsdag, fredag og laurdag for å smake på grillkrydderet!

Du kan lesa meir om Aurust gard og urteri  her og her.

 

Sukkererter frå Skjåk

Dei knallgode sukkerertene frå Søre Kvåle i Skjåk er på plass att! Dei er av slaget brytsukkererter, som har ekstra tjukk og kjøtfull belgvegg, noko som gjer dei eksta sprøe og gode. Sukkerertsesongen er ofte stutt, så vi nyttar høvet denne veka til å vise fram ertene medan dei er på topp.

Ertene er dyrka av Jan Erik Mælhum på garden Søre Kvåle i Skjåk,  som vi òg får Troll-poteter frå seinare i sesongen. Grønsakene er økologisk godkjende, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Hosar i Skjåk.

Kom gjerne innom og få smaksprøve av sukkerertene torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesproduktet vårt denne veka er plommelimonade frå Kroken frukt og bær i Sogn. Denne økologiske limonaden inneheld råsaft av plommer, rårøyrsukker, sitronsyre og vatn, og smakar skrekkeleg friskt og godt!

Kroken frukt og bær (http://www.haukadal.no) dyrkar økologisk på eigen gard, og kjøper òg inn økologisk frukt og bær så lokalt som mogleg, dvs. i Indre Sogn. Kroken lagar òg andre produkt av frukt og bær, og i butikken vår kan vi i tillegg tilby fleire sortar syltetøy, samt stikkelsbærlimonade og eplemost utan sukker.

Torsdag, fredag og laurdag serverar vi gratis smaksprøve av plommelimonaden. Velkomen innom på smaking!