Ottamartnan 2017

Det er straks Ottamartnan att, og her er martnasprogrammet til Grøn tråd:

Utanfor butikken, i vårt grøne telt:
– Sal av heimelaga, varm chai-te (det blir elles ingen Grøn kafè i år).
Ingrediensane til denne teen blir å få kjøpt i butikken vår.
– Smaksprøve av vaktelegg frå Rusten Øvre i Heidal.
– 25% rabatt på mjøl og havregryn i lausvekt frå Holli Mølle for alle som har med seg eigen emballasje å fylle i (NB!)

Inne i butikken:
– Konkurranse: Gjett vekta på eit gedigent kålhovud frå Aukrust!
Premie: Gåvekort på 200 kr + kålhovudet.
– 25% rabatt på enkelte mjøl- og bakeblandingsposar frå Holli Mølle.
– 25% på det vi har att av viltkjøt og fårikålkjøt frå fjoråret.
– 20% på alle redesignsmykke frå IFK design, laga av Irene Fagernes Keyn frå Otta.

Redesignkleda laga av vår veninne Elisabeth Stadeløkken Wentzel, alias Alucita, skal òg i år ha martnasstand ute ved sidan av oss. Ho slår til med 20% rabatt på nokon av dei lekre kleda sine.

Opningstider under Ottamartnan:
Fredag 29/9: Kl. 10.00 – 20.00
Laurdag30/9: Kl. 10.00 – 20.00
Søndag 1/10: Kl. 12.00 – 18.00

Velkomen innom!

Vaktelegg frå Heidal

Denne veka, inkl. under Ottamartnan, kjem vi til å ha smaksprøve av vaktelegg frå Heidal.

Svein Bakken frå Rusten Øvre i Nedre Heidal starta nyleg med vakteleggproduksjon. Vaktlane hans er frittgåande og får økologisk for, og dei er i følgje Svein svært trivelege fuglar.

Litt vaktelinfo (funne på Wikipedia.org): Vaktel er ein trekkfugl i fasanfamilien, og han er ein truga fugleart i vill tilstand i Norge. Vaktelen legg i gjennomsnitt 1,4 egg i døgnet. Storleiken på egga er om lag ein femtedel av eit hønseegg, og dei kan nyttast på same måte. Egga kan i tillegg etast av enkelte eggallergikarar. Ryktet seier òg at vaktelegg skal vera meir næringsrike enn hønseegg.

Vekesprodukt: Gulrot frå Skjåk

Endeleg er ho her att; gulrota frå Søre Hosar i Skjåk! Ho kjem med jord på for å betre lagringskvaliteten. Til opplysning er gulrot ei kjelde til betakaroten, som omdannast til A-vitamin i kroppen, noko vi treng for å oppretthalde normal hud og normalt syn. Gulrot skal òg vera bra for fordøyinga p.g.a. høgt fiberinnhald.

Vi har som vanleg smaksprøve av vekesproduktet vårt torsdag, fredag og laurdag. Velkomen innom!

Eivind Øvrelid på Søre Hosar produserer både økologiske gulrøter, kålrot og ulike typar beter. Grønsakene er Debio-godkjende, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Kvåle i Skjåk.

 

Vekesprodukt: Mandelpotet frå Lesja

Usprøyta og ugjødsla mandelpotetar er sjeldan vare i butikkar, men vi har vore så heldige å få inn dette frå Avdem gardsgrønt på Lesja. Desse potetene fortener så absolutt å bli framheva som vekesprodukt hjå oss, og torsdag, fredag og laurdag denne veka er du velkomen innom for å smake på «griseplene»! Vi tilbyr potetene i lausvekt.

Foretaket Avdem gardsgrønt vart i år starta av ein ny, flink grønsaksprodusent på Lesja, nemleg danske Sofia Maria Bang Elm. Både ho og kjærasten Hans Avdem er utdanna øko-agronomar fra Sogn jord- og hagebruksskule. Grønsakene deira er ikkje Debio-godkjende enno, men alt er dyrka på permanente senger utan bruk av traktor eller annan tung trafikk, og utan kunstgjødsel eller sprøytemiddel. -Økologisk og vel så det, i bunn og grunn!

Egg frå Sel

På garden Nedre Havn i Verkensbakkom på Selsverket trippar det mange slag høner, som alle er frittgåande og går ute heile sommaren.  Her finn ein blant vanlege kvite Lomanegg mørkebrune egg frå hønetypa Maran, grøne egg frå rasen Araucanaer, turkis egg frå rasen Créme Legbar og «rosa» (ljose brune) egg frå rasen Wyandotte. Hønene får økologisk kraftfor, men egga er ikkje Debio-godkjende.

Den lille tytingfabrikken  drivast av Solveig Nymoen og Leif Ola Rønningen på garden Nedre Havn på Sel, og er nok betre kjend for produksjon av syltetøy.

Kom gjerne innom og få smake på egga torsdag, fredag eller laurdag!