Vekesprodukt: Kålrot frå Skjåk

Nå er det denne svært gode kålrota frå Skjåk som skal heidrast. Ho er økologisk godkjend, og dyrkast av Eivind Øvrelid på Søre Hosar i Skjåk. Eivind
produserer òg økologiske gulrøter samt ulike typar beter, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med Søre Kvåle i Skjåk.

Kom gjerne innom og smak på kålrota torsdag, fredag og laurdag!

Vekesprodukt: Kyllingkrydder frå Søstrene Råstad

Denne veka har vi vald kyllingkrydder frå Søstrene Råstad i Vågå/Skjåk som vekesprodukt. Denne urteblandinga er ny, og inneheld persille, salvie og fransk estragon, som skulle passe ypparleg saman med den økologiske kyllingen vår frå Homlagarden i Hardanger.

Serveringstips: Gni urteblandinga saman med matolje inn i kjøtet før du steikjer kyllingen, eller lag ein saus av fløyte og kyllingkrydderet.

Kom gjerne innom og prøvesmak kyllingkrydderet torsdag, fredag eller laurdag!

Du kan lesa meir om Søstrene Råstad her.

 

Vekesprodukt: Pastinakk frå Lesja

Vi tykkjer at pastinakken frå  Avdem Gardsgrønt på Lesja fortener litt eksta merksemd denne veka. Denne pastinakken er dyrka etter økologiske prinsipp og utan bruk av maskiner. Han kjem til butikken vår med jord på for å betre haldbarheita.

Litt generell info frå frukt.no: Pastinakk er ei gamal kulturplante kjend heilt frå romertida. Før poteten vart introdusert her i landet, var pastinakk den viktigste stivelseskjelda i kosthaldet. Fruktkjøtet er kvitt eller kremfarga og smaken er søt og delikat. Pastinakken er rik på kostfiber, og han har eit høgt innhald av B-vitaminet folat. Han er òg ei flott kjelde til både vitamin C og kalium. Pastinakk eignar seg t.d. godt til puré, ovnsbaking og råkost, og passar spesielt godt til lam og viltkjøt.

Her finn du nokre fristande pastinakkoppskifter. Torsdag, fredag og laurdag kan du koma innom og smake på pastinakk hjå oss.

 

 

Ursaukjøt frå Heidal

Vi er så heldige å vera utvalde til å tilby lammekjøt frå Heidal Ursau! Bård Bårdløkken frå Heidal har gammalnorsk spelsau, og i haust har han for fyrste gong prøvd seg på kommersiell kjøtproduksjon. Lammekjøtet er ikkje økologisk godkjend, men sauane er grasfora og går i fjellet heile sommaren. Gammalnorsk spelsau er nøysam og utnyttar utmarksbeitet godt. Sauane er slakta av Nortura og pakka og foredla av Heidal Landbruksprodukter. Bård tilbyr òg skinn av sauane sine.

Her finn du nokre fristande lammekjøtoppskrifter. God apetitt!

 

Vekesprodukt: Haustkveld-te frå Aukrust

Denne teen er i følgje Aukrust i Lom aromatisk, varmande og god ved forkjølelse. Teen inneheld eplemynte, aronia, sitronmelisse, nyper, salvie, svarthyllbær, timian, tindvedbær og ringblome; med andre ord fleire ingrediensar som kan lindre både vond hals og hoste, samt at teen smakar skikkeleg godt.

Kom gjerne innom og smak på denne haust-teen torsdag, fredag eller laurdag!

And the winner is…

Ottamartnakonkurransa vår i år var å gjette vekta på dette kålhovudet. Det var Arne Sandviken spesielt god til; han var nemleg berre 2 g unna rett vekt, som var 3,258 kg.

Vi gratulerar Arne, og ønskjer han velkomen innom for å hente eit gåvekort på 200 kr samt kålhovudet! 🙂