Vekesprodukt: Gløggkrydder frå Aukrust

Da er det straks desember att, og tid for gløgg! Gløggkrydderet frå Aukrust gard og urteri i Lom er laga av kanel, ingefær, nype, nellikspikar, aroniabær, anis, heil kardemomme, stjerneanis og appelsinskal.  Det blandast med saft/vin, og skal trekkje i ca. 10 minutt. Vi kan anbefale å blande krydderet med eplejuice eller druejuice. Torsdag, fredag eller laurdag er du hjarteleg velkomen innom for å smake på vår versjon av gløggen! Minnar om at vi har tilbehøret mandlar og rosinar i lausvekt.

Aukrust gard og urteri byrjar etter kvart å bli godt kjend, men viss du ønskjer å lesa litt meir om dei, kan du titte her, eller her.

Grøn Fredag

I år som i fjor har vi i dag Grøn Fredag, med heilt vanlege prisar.

– Dette er ein aldri så liten prostest mot Black Friday, som vi oppfattar som eit kjøps- og salshysteri nærmast utan like.

Velkomen til ein heilt normal, grøn fredag hjå oss!

Vekesprodukt: Graskar frå Tingvoll

Visste du at graskar opprinneleg kjem frå Amerika, og at indianarane dyrka dei heile 3 – 4000 år før Kristus? Våre økologiske graskar er nok litt mindre eksotiske, dei kjem nemleg frå den utflytta vagværen Irja Frydenlund og danske Benjamin Bro-Jørgensen på Tingvoll. Irja og Benjamin har båe gått på Sogn Jord- og hagebruksskule og sidan starta firmaet Frydenlund Permakulturplanter (les meir om dei her ).

Graskar er absolutt meir enn berre pynt! Det er ei anvendeleg og velsmakande grønsak med god lagringsevne, og graskar er kalorifattig og inneheld noko kostfiber, samt karoten som gjev A-vitamin. Graskar brukast kokt, omnsbakt eller steikt i supper, gryterettar, stuingar, paiar og salatar. Sylta graskar smakar veldig godt til kjøt og fiskerettar.

Kom innom og få smaksprøve på graskar torsdag, fredag og laurdag! Vi har òg fleire spennande oppskrifter på lager, så berre spør oss!

Julemarknad i Vågåmo

Plutseleg nærmar det seg fort jul att, og julemarknadene tek nå til. Laurdag den 18. november blir Grøn tråd og Alucita redesign å finne på julemarknaden i Ullinsvin (prestegarden) i Vågåmo. På denne marknaden kan ein finne lokal husflid, handverk og bakst, juleverkstad, matservering, loddsal og barnesonggruppe. Grøn tråd stiller med stuttreiste julevarer som gløgg, te, krydder, godteri og ingrediensar til bakst, samt nokon hygieneprodukt som t.d. er fine gåver.  Alucita-Elisabeth har med seg redesignklede, med ein del plagg som er nysydde til marknaden.

Vi gler oss som vanleg til å koma ut i felten! 🙂

Vekesprodukt: Økologisk kylling frå Hardanger

Økologisk kylling frå Homlagarden er fri for narasin og har levd eit godt liv med mykje frisk luft og naturleg og økologisk fôr. Dei får òg leve lenger før slakt enn «konvensjonell» kylling, og er difor mykje større – omlag tre kilo i snitt.

Homlagarden  Aksnes i KvØkologisk kylling frå Hardangeram i Hardanger er ein nyskapande gardsbedrift som bidreg til utvikling av lokalt økologisk landbruk og god utnytting av ressursar gjennom samarbeid med andre gardar. Eit eksempel på dette er at dei leiger sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun om sommaren når sauen går i fjellet. Homlagarden har i tillegg slakteri på garden, og dei har òg planar om eit eige klekkeri.

Velkomen innom oss torsdag, fredag eller laurdag for ein smak av saftig Homlagardenkylling! Vi har for øyeblikket 25% tilbod på  ein del kyllingbryst og -lår p.g.a. dato.

Endeleg ny redesignkveld!

Lær å sy om klede m.m.!

 Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),                  

måndag 13. november frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159.

Velkomen!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Troll-potet frå Skjåk

Denne veka viser vi fram Troll-potet frå Søre Kvåle i Skjåk. Denne poteta har raudt skall og gulkvitt indre, og ho oppfører seg omtrent som mandelpotet ved matlaging. Troll-potet er ypparleg til både middag og baking.

Produsenten av denne poteta er Jan Erik Mæhlum, som òg leverer dei knallgode sukkerertene til oss om sommaren. Han arbeider som rådgivar for Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen, og han har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Hosar i Skjåk.

Velkomen innom på smaksprøve torsdag, fredag og laurdag!