Grøn tråd juleopningtider 2017

Juleopningstider (veka før jul og i jula):
Mån. 18. – ons. 20.:                                      Kl. 10.00 – 16.00
Tors. 21. og fre. 22.:                                    Kl. 10.00 –  19.00
Laurdag 23.:                                                    Kl. 10.00 – 15.00
Ons. 27. – laur. 30.:                                      Kl. 10.00 – 15.00

Pinnekjøt frå Heidal

Nå har vi fått pinnekjøt frå Heidal Ursau!

Kjøtet er frå grasfora gamalnorsk spælsau, som eigast av Bård Bårdløkken i Heidal. Kjøtet er ikkje økologisk godkjend, men så reint som sau kan bli når dei ikkje er ville.

Vi tilbyr framleis både lokale poteter og kålrot, så du kan faktisk kjøpe eit heilt stuttreist og reint pinnekjøtmåltidet hjå oss. God julemiddag!

Årets siste REDESIGNKVELD

…blir måndag den 11. desember kl. 18.00
på Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8, Otta)!

Ta med noko du har lyst til å sy om og gjerne symaskin, så stiller «symester» Elisabeth S. Wentzel i Alucita redesign samt andre kunnskapsrike deltakarar med gode råd. Det er òg fullt lovleg å berre koma innom og titte på.
Gratis inngang, sal av jule-te og julebiteti.

Velkomen til nok ein triveleg, grøn sykveld!

Spelt pepparkaker frå Den Gode Baker

Spelt pepparkaker frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold er vekesproduktet vårt denne veka. Dei inneheld sikta spelt, Rørossmør, røyrsukker, roesirup, mandlar, kanel, ingefær, nellik og natron. Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og få smaksprøve av desse 100% økologiske og svært gode pepparkakene!

Den Gode Baker vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.