Vekesprodukt: Honningrista müsli frå Vestfold

Denne veka vil vi gjerne gjera den smakfulle honningrista müslien frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold litt betre kjend. Müslien inneheld havregryn, honning, solsikkekjerner, hasselnøtter, sultaner, bokkveite, sesamfrø og linfrø, og ingrediensane er i den grad det er mogleg frå norsk landbruk.

Müslien kan du komma innom og få smake på torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Ramslaukpurè frå Norddal

Den utfløtte kvamværen Unni Bjørnstad Hjelle produserar saman med Kåre Hjelle ramslaukpuré i den vesle bygda Norddal på Sunnmøre. Ramslaukpuréen inneheld ramslaukblad, rapsolje og havsalt, og kan brukast til så mangt: Til kjøt, fisk og sjømat, i urtesmør, dressingar, dipar og marinader, på pizza, til pasta og i supper, blanda i eggerøre, potetsalatar, potetmos, til ostar eller saman med anna pålegg på brødskiva. Denne ramslaukpuréen inneheld foreløpig ikkje økologisk olje, men ramslauken er viltveksande. Kom gjerne innom og smak på puréen torsdag, fredag eller laurdag!

Ramslauk er kjend som kvitlauken til vikingane, og han skal ha dei same helsebringande eigenskapane som kvitlauk, dvs.  mykje c-vitamin og antioksidantar, virkar forebyggjande på hjarte- og karsjukdomar og styrkar fordøyinga.

Les meir om bedrifta Ramslaukprodukt her: http://ramslauk.com/

 

Vekesprodukt: Yoghurt naturell frå Rørosmeieriet

Forretningsidéen til  Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene»,  og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her.

Vekesprodukt: Vinternatt-te frå Aukrust

Denne veka viser vi fram Vinternatt-te frå Aukrust i Lom, som i følgje Aukrust er ein «søt og god te for norske vintrar». Teen inneheld eplemynte, lakrisrot, svarthyllbær og -blome, solhatt, fennikel, sitronmelisse, malveblad og -blome.

Vi er samde med Aukrust i at denne teen verkeleg ER søt og god, og i tillegg har svarthyll og solhatt ord på seg for å kunne motvirke både forkjølelse og influensa. Kom gjerne innom og prøvesmak teen torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Cerisapotet frå Lesja

Cerisa er ein halvtidleg delikatessepotet som for tida blir utprøvd i Norge, i dette tilfellet av Avdem gardsgrønt på Lesja .  Denne poteten har små, raude og langovale knollar med raudt skal og gult kjøt, og minnar om Mandelpotet.

Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og smak på denne spennande, nye poteten!