Vekesprodukt: Speltkjeks m/Rørossmør

Nå er det på tide å vise fram denne veldig gode speltkjeksen frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold att. Han inneheld sammale og sikta spelt, Rørossmør og Himalayasalt, og er laga av norske ingrediensar så langt det lar seg gjera.  Kjem du innom torsdag, fredag eller laurdag skal du få smaksprøve av kjeksen, og vi sprettar ei krukke med pesto frå Helios som tilbehør.

Ønskjer du å lesa meir om Den Gode Baker, kan du titte her.

Vekesprodukt: Kylling Tikka Masala frå Raske Retter

Vekeproduktet vårt denne veka er Kylling Tikka Masala, som er ein Indiainspirert poserett frå Raske Retter på Østerås i Oslo.  På pakninga skildrast smakfulle tips til korleis du enkelt kan piffe opp retten. Torsdag, fredag  og laurdag må du gjerne koma innom og smake på denne eksotiske retten!

Vi kan tilby fleire andre lettvintmåltid frå Raske Retter, til bruk saman med både kylling, fisk og kjøt eller som vegetar. Vi har òg passande tilbehør som kylling og ris.

Raske Retter held til på Østerås i Oslo, og er drive av Stephan Krogh. I tillegg til å vera økologiske, er rettane frie for palmeolje og modifisert stivelse, og dei er nøye tilpassa norske smakspreferanser med bl.a. lågt saltinnhald. Les meir om Raske Retter her.

Kva med litt C-vitamin og antioksidantar på seinvinteren?

Dette kan du finne i bl.a. syltetøy, derfor har vi denne veka vald stuttreist syltetøy som vekesprodukt. Syltetøya våre kjem frå Den lille tytingfabrikken på Sel og Kroken frukt og bær i Sogn. Frå Den lille tytingfabrikken kan vi tilby blåbær-, solbær-, rabarbra- og tyttebærsyltetøy (ikkje-øko, men frå reine bær), medan vi frå Kroken frukt og bær kan by på bringebærsyltetøy (øko.). Les gjerne meir om desse to produsentane her og her .

Torsdag, fredag og laurdag er du hjarteleg velkomen innom på syltetøy-smaksprøve!

Ny redesignkveld i februar

Lær å sy om klede m.m.!

 Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),                  

måndag 19. februar frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159.

Velkomen!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Veganburger frå Østerås

Veganburgeren til Raske Retter på Østerås i Oslo er vel verdt å smake på. Han er glutenfri og inneheld bl.a. raubet og potet, og han er svært enkel å lage: Bland innhaldet i pakka med kokande vatn, form deretter burgerane og steik dei. På pakka står det forslag til passande tilbehør. Vi kan òg tilby vegetarburgerar med gulrot og purre og med blomkål og brokkoli, samt fullkornsburger med tomat og paprika. Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og smak på veganburgeren!

Stefan Krogh, som er mannen bak Raske Retter, lanserte dei fyrste økologiske krydderblandingane sine i 2012, med forretningsidèen om å skape ein plass for økologiske tørrvarer i Toro-verda. Les meir om Raske Retter her: raskeretter.no .