Grøn tråd OPNINGSTIDER i påsketida:

Måndag 26/3 og tysdag 27/3:       Kl. 10.00 – 17.00
Onsdag 28/3:                                           Kl. 10.00 – 15.00
Påskeaften (31/3):                               Stengt

Tysdag 3/4:                                               Kl. 10.00 – 16.00
(til vanleg stengt tysdagar)

God, gul-grøn påske!

 

Såkveld 4. april

Kva tid skal ein eigentleg så grønsaksfrø, og korleis?

Vi stikk fingrane i jorda og sår saman
Sel bibliotek på Otta (Johan Nygårdsgt. 17A)
onsdag 4. april frå kl. 19.00!

Vi stiller med kontantsal av:
-Økologiske grønsaks-, urte- og blomefrø
-Økologisk  jord
-Øko. te, kaffe og enkel biteti

Du tek sjølv med potter eller liknande til å så i.
Påmelding til Randi på tlf. 900 58 159.

Velkomen til ein grøn kveld!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i  Grøn tråd,
Per Stabell i Mangesysleriet
og May Britt Josten ved Sel bibliotek

Ny redesignkveld i mars!

Redesign delekveld:
Lær å sy om klede m.m.!

 Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?
Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),
måndag 19. mars frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.
Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.
Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159.

Velkomen!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,
samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita