Vekesprodukt: Spekepølser frå Aukrust

Blå, grøn, raud og gul spekepølse frå Aukrust.

Desse spekepølsene frå Aukrust gard og urteri i Lom kjem i fire variantar, som alle er laga av storfe- og grisekjøt frå eigne økologiske dyr samt blod, spekk og sirup. Dei er smaksett med ulike øko. urter frå garden  pluss krydder.  Ingen av pølsene er 100% økologiske, da dei inneheld nitritsalt. Spekepølsene er male og stappa hjå Skjåkmat og tørka på Aukrust.

Aukrust gard og urteri i Bøverdalen i Lom drivast fyrst  og framst av Ola Aukrust. Ola er ein erfaren urte- og grønsaksdyrkar, som nok er best kjend for produksjon av mange ulike produkt av både ferske og tørka urter (bl.a. tear og urteblandingar), samt fleirfaldige grønsakstyper. Urter og grønsaker frå Aukrust er både Debio– og Demetermerka. Demeter er merket for biodynamisk jordbruk, og har strengare krav enn vanleg økologisk merking.

Kom gjerne innom for ein smak av spekepølse torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Vårmorgon-te frå Aukrust

Det er vår, og da kan det vera godt med ein forfriskande, rensande te for å drive ut vinteren. Denne veka viser vi fram urte-teen Vårmorgon frå Aukrust gard og urteri i Lom, som inneheld pepparmynte, bjørkeblad, brennesle, ryllik, samt blad, rot og blome av løvetann. Fleire av desse urtane har ord på seg for å vera rensande, dvs. at dei hjelp til med å fjerne giftstoff frå kroppen.  Denne teen smakar òg veldig godt, t.d. til frukost.

Aukrust gard og urteri, som produserar teen, kan du lesa meir om her og her.

Vi har smaksprøve av teen torsdag, fredag og laurdag, så kom gjerne innom for ein smak!

Vekesprodukt: Ceylon kanel frå Aukrust og Helios

Kanel er ikkje berre kanel… Kanel utvinnast frå barken på kaneltreet, og det finst to typar: Ceylon canel eller ekte kanel, og kassiakanel. Kassiakanel er den vanlegaste og er bitrare enn Ceylon kanel, og han inneheld ein del kumarin, eit stoff som kan gje skade på leveren i store mengder. Ceylon kanel inneheld derimot knapt målbare mengder med kumarin, og han har òg ein veldig fin og søt aroma (kjelde: helios.no).

Vi vil herved vise fram vårt utval av Ceylon kanel, som består av male kanel i pose og kanelstenger frå Aukrust i Lom,  og male kanel på glasbøsse frå Helios.  Du er hjarteleg velkomen innom for å smake på kanelen torsdag, fredag og laurdag!

Vekesprodukt: Ramslaukpurè frå Sunnmøre

Denne veka vil vi vise fram att ramslaukpuré frå NorddalSunnmøre. Denne er laga av den utfløtte kvamværen Unni Bjørnstad Hjelle og mannen hennar, Kåre Hjelle. Ramslaukpuréen inneheld ramslaukblad, rapsolje og havsalt, og kan brukast til så mangt: Til kjøt, fisk og sjømat, i urtesmør, dressingar, dipar og marinader, på pizza, til pasta og i supper, blanda i eggerøre, potetsalatar, potetmos, til ostar eller saman med anna pålegg på brødskiva. Denne ramslaukpuréen inneheld foreløpig ikkje økologisk olje, men ramslauken er viltveksande. Kom gjerne innom og smak på puréen torsdag, fredag eller laurdag!

Ramslauk er kjend som kvitlauken til vikingane, og han skal ha dei same helsebringande eigenskapane som kvitlauk, dvs. mykje c-vitamin og antioksidantar, virkar forebyggjande på hjarte- og karsjukdomar og styrkar fordøyinga.

Les meir om bedrifta Ramslaukprodukt her: http://ramslauk.com/

Vekesprodukt: Tytingyoghurt frå Rørosmeieriet

Yoghurt m/tyttebær er ein  yoghurt med mild og fyldig smak av tyttebær. Denne økologiske yoghurten inneheld høgpasteurisert og homogenisert heilmjølk, litt sukker, tyttebær, skummamjølkpulver, yoghurtkultur og Rørosmeieriet sin tettekultur.

Yoghurtoppskrifta er utvikla av Rørosmeieriet, og ho inneheld ei særeigen blanding av yoghurtkultur og Rørosmeieriet sin tradisjonsrike tettekultur. Sidan Røros-yoghurt lagast av heilmjølk, vil feitt- og næringsinnhaldet variere naturleg med årstidene.  Tettekulturen er ein fleire hundre år gamal kultur fra Rørostraktene som opprinneleg kjem frå tettegrasplanta.

Torsdag, fredag og laurdag kan du koma innom og smake på denne nye, spennande yoghurten. Prøv gjerne Rørosmeieriet sin yoghurt naturell i tillegg, som du òg finn i kjøleskapet vårt.