Vekesprodukt: Havrerot og skorzonerot frå Lesja

Denne veka viser vi fram havrerot og skorzonerot frå Avdem gardsgrønt på Lesja. Du kan koma innom og få smake på desse to røtene torsdag, fredag og laurdag.

Havrerot er ei gamal, nesten gløymd grønsak, som er søt og aromatisk på smak, og ho er i England kjend som «vegetable oyster» (grønsaks-østers). Skorzonerot veks vilt i Sør- og Mellom-Europa, og har ein søt, nøtteaktig smak.
Båe røtene eignar seg godt til å steikjast og omnsbakast, og toppane kan etast som salat.
NB! Det er lurt å bruke hanskar når desse rotgrønsakene skrellast, sidan dei inneheld klissete mjølkesaft, akkurat som løvetann.

Grøn tråd har nå kaffekvern!

Fyrstemann innom til å prøve kaffekverna vår får 25% rabatt på ein liten kaffepose frå Stavanger kaffebrenneri.

I tillegg byr vi torsdag, fredag og laurdag på smaksprøve av nykverna kaffe frå Stavanger Kaffebrenneri, som altså er vekesproduktet vårt. Vi kan tilby moccabønner frå Sumatra og Etiopia, samt franskbrente espressobønner frå Peru, Etiopia og Sumatra. Båe typar bønner er svært fyldige og aromatiske. Minnar om at vi òg serverar kaffe i butikken vår.

Velkomen innom på ein ekstra god kopp kaffe!

Stavanger Kaffebrenneri er ei lita bedrift som tilbyr kaffe av handverkmessig standard. Brenneriet lagar fersk nybrent kaffe med bønner frå heilt spesielle og nøye utvalde områder i verda.

Stavanger kaffebrenneri foredlar bønnene gjennom langsom brenning på små brennarar for å la smak og aroma kome til sin rett. Posen held på den høge kvaliteten. Brenneriet er godkjend av Debio og sertifisert Carbon Neutral.

Redesign delekveld i mai

Lær å sy om klede m.m.! 

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?
Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),
måndag 28. mai frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.
Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.
Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159.

Velkomen!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,
samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

– Ottas beste og sunnaste is? 🍦🍨

Den heimelaga isen frå Alm Gard i Feios i Sogn er iallfall nydeleg, og han finst i tre variantar: Fløyteis, yoghurtis og sorbet, med mange ulike smakar. Alle isane er glutenfrie, og yoghurtisen er utan egg og sorbetisen utan mjølk.

Nederlandske Laurien Geerse og Guus Morel nyttar økologiske råvarer, inkl. fløyte, yoghurt, frukt og bær frå eigen gard, og plukkar blåbær og molter i fjellet. Isen deira inneheld ca. 15% luft, samanlinka med industriprodusert iskrem som ofte inneheld 50% luft.

Sidan det straks er 17. mai og generelt «istid» om dagen, slår vi til med isen frå Alm Gard som vekesprodukt. Det betyr at du fredag og laurdag kan koma innom og få ein smakebit av isen.

Les meir om Alm Gard her: http://www.almgardiskrem.no/