Kvifor Grøn tråd seier nei til nattope

  • Fordi vi ønsker å skjerme menneske og miljø for rovdrift gjennom overproduksjon og overforbruk,
  • fordi vi ønsker å skjerme tida der både kundar og butikkarbeidarar har fri til å drive med andre ting enn handel,
  • fordi korkje kundar, butikktilsette eller -eigarar tener noko på auka opningstider i lengda,

går Grøn tråd nok ein gong mot straumen og seier nei til å halde nattope i morgon. Vi ønsker alle våre gode kundar velkomen til ein triveleg handel i den vanlege opningstida vår frå 10 til 16.

Venleg helsing Randi, Trude og Christine

Vekesprodukt: Salat frå Aukrust og Avdem

Nå er vi så heldige at vi får inn frisk, økologisk salat både frå Aukrust gard i Lom og frå Avdem på Lesja. Det er fleire ulike sortar salat som vi sel i laus vekt, så du kan velje sjølv kva slag og kor mykje du vil ha. Om du kjem innom torsdag, fredag eller laurdag, kan du få ein gratis smaksprøve på salaten.

Redesignkveld i kveld!

Lær å sy om klede m.m.! 

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med? Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),
torsdag 21. juni frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har. Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.  Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 900 58 159.

Velkomen!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,
samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Vegetarburgerar frå Østerås

Vegetarburgerane til Raske Retter på Østerås i Oslo er vel verdt å smake på. Vi kan tilby variantane vegetarburger med gulrot og purre, og med blomkål og brokkoli, samt fullkornsburger med tomat og paprika, og i tillegg ein veganburger med raubet og potet. Dei er svært enkle å lage: Bland innhaldet i pakka med eit egg (bortsett frå veganbugeren) og kokande vatn, og form deretter burgerane og steik dei. På pakkene står det forslag til passande tilbehør. Torsdag, fredag eller laurdag er du hjarteleg velkomen innom på smaksprøve av ein desse burgerane!

Stefan Krogh, som er mannen bak Raske Retter, lanserte dei fyrste økologiske krydderblandingane sine i 2012, med forretningsidèen om å skape ein plass for økologiske tørrvarer i Toro-verda. Les meir om Raske Retter her.

Vekesprodukt: Rørosrømme

Denne veka vil vi presentere rømme frå Rørosmeieriet. Denne tjukke og fine rømmen er laga av fløyte og mjølkesyrekultur, og han er langtidssyrna, lavpasteurisert og ikkje-homogenisert. Dette gjev ein ekstra smakfull rømme med høg kvalitet og fløyelsmjuk konsistens. Rømmen er kokestabil og passar godt i både sausar, supper, dressingar og dip. Serveringstips: Du kan lage ein veldig god dip ved å blande rømmen med krydder til smør, poteter og salat frå Søstrene Råstad. -Nam-nam! : -)

Kom innom og få smaksprøve av rømmen torsdag, fredag eller laurdag!

Forretningsidéen til Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene», og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her: http://rorosmeieriet.no/

Vekesprodukt: Fibersnacks m/ost og chili

Fibersnacks med ost og chili bakast av Den Gode Baker i Stokke i Vestfold. Fibersnacksen innheld egg, linfrø, sesamfrø, solsikkekjerner, ost, Himalayasalt og chili, og reknast for å vera eit lavkarboprodukt. Fibersnacksen er eit smakfullt og sunt alternativ til godteri om ein er litt småsvolten eller berre har lyst på noko sunt og godt.

Kom gjerne innom og smak på fibersnacksen torsdag, fredag eller laurdag!

Den Gode Baker  vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.