Vekesprodukt: Dessert/kakekrydder frå Aukrust

DESSERT/KAKEKRYDDER frå Aukrust gard og urteri i Lom er vekesproduktet vårt denne veka. Krydderblandinga inneheld ekte vaniljesukker, anis og pepparmynte, og passar utmerkt til bakverk, vafler, iskrem, fruktsalat m.m..
Her er eit forslag til korleis du kan bruke krydderet:
http://www.grontrad.no/oppskrift/ripskake .

Torsdag, fredag eller laurdag er du hjarteleg velkomen innom for å smake på krydderet! Det er svært mogleg vi smell til med ei kakesmaksprøve i same slengen.

Vekesprodukt: Grønkål frå Lom

Visste du at GRØNKÅL er ei av dei sunnaste grønsakene du kan eta? Grønkål er kalorifattig og rik på bl.a. vitamin A og C, kalsium, fosfor og jern.

Vi har denne veka vald grønkål frå Aukrust i Lom som vekesprodukt. I dette høvet har vi torsdag, fredag og laurdag smaksprøve av grønkålsmoothien som har fylgt Grøn tråd i alle år, og som har fått det eksplosive namnet «Grøn Bombe». Grønkål er òg t.d. fint å nytte til chips, salat og pai. Oppskrifta på smoothien finn du her: http://www.grontrad.no/oppskrift/gronkalsmoothie/ . Kom gjerne innom oss for fleire grønkåloppskrifter!