Redesignkveld i morgon!

Lær å sy om klede m.m.! 

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med? Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),
torsdag 30.  august frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har. Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.  Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 900 58 159.

Velkomen!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,
samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Påfyll av økologisk kylling frå Hardanger

Nå er fysaren vår fylt opp med økologisk kylling frå Homlagarden att!

Denne kyllingen er fri for narasin og har levd eit godt liv med god plass ute som inne og naturleg og økologisk fôr. Dei får òg leve lenger før slakt enn konvensjonell kylling, og er derfor mykje større – omlag tre kilo i snitt. Vi kan tilby heile kyllingar, samt bryst, lår, venger og kjøtdeig av kylling.

Homlagarden  på Aksnes i KvØkologisk kylling frå Hardangeram i Hardanger er ei nyskapande gardsbedrift som bidreg til utvikling av lokalt økologisk landbruk og god utnytting av ressursar gjennom samarbeid med andre gardar. Eit eksempel på dette er at dei leiger sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun om sommaren når sauen går i fjellet. Homlagarden har i tillegg slakteri på garden, og dei har nå òg fått sitt eige klekkeri. Les meir om Homlagarden her.

Vekesprodukt: Raudbeter frå Lesja og Skjåk

Denne veka gjer vi litt ekstra stas på raudbeter, som frå gamalt av skal ha vorte hylla for sine medisinske eigenskapar. Raudbete er rekna for å vera rotgrønsaken med høgast innhald av antioksidantar og er i tillegg ei god kjelde til C-vitamin og mineralar som jern,  fosfor og kalsium.

Vi har for tida inne ferske raudbeter frå Avdem gardsgrønt på Lesja og frå Søre Hosar i Skjåk. Vi kan  òg tilby gulbeter frå Avdem. I dag, fredag og laurdag har vi bakte raudbeter og gulbeter som smaksprøve, og du kan i tillegg få inspirasjon til andre rettar frå oppskriftsarket vårt om raudbeter.  Velkomen innom!

 

 

 

Vekesprodukt: Fiberknas frå Den Gode Baker

Denne veka er vekesproduktet vårt fiberknas frå Den Gode Baker i Stokke, Vestfold. Denne salte kjeksen inneheld egg, linfrø, sesamfrø, solsikkekjerner, valnøtt og Himalayasalt, og reknast for å vera eit lavkarboprodukt. Fiberknas er eit smakfullt og sunt alternativ til godteri om ein er litt småsvolten eller berre har lyst på noko sunt og godt. Vi kan òg tilby eit liknande produkt med meir «snert», nemleg fibersnacks med ost og chili.

Kom gjerne innom og smak på fiberknas i dag, fredag eller laurdag! -Er du heldig, får du smake fibersnacksen òg… ;-D

Litt info om Den Gode Baker:
Firmaet vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale råvarer/samarbeidspartnerar så sant dette går an.

Vekesprodukt: Mangold frå Lalm

Vekesproduktet vårt denne veka er usprøyta mangold frå Rottem hagebruk på Lalm. Mangold kallast òg bladbete og er i nær slekt med raudbeter. Mangold er likt spinat i både smak, bruk og næringsverdi, og kan bl.a. brukast rå i salatar, eller steikjast, smørdampast og stuast, og blandast i t.d. paiar og lasagne.

Mangold er rekna for å vera ei skikkeleg næringsbombe med høgt innhald av mellom anna betakaroten, kalsium, kalium, magnesium, folat, vitamin C og vitamin K.

Kom gjerne innom i dag, i morgon eller laurdag og smak på herlegheita!

Lokale øko. grønsaker!

Ferske, lokale og økologiske grønsaker og urter er nå på plass i butikken vår:
– Squash, blomkål, brokkoli, raudbeter, neper, knutekål, spinat, persille og kvitlauk frå Avdem på Lesja.
– Fennikel, agurk, dill, salat, grønkål, stor tomat og cherrytomat frå Aukrust i Lom.

Til dei meir uvanlege grønsakene har vi oppskriftshefter til sals i butikken vår. Spør oss elles gjerne om råd og tips til tilberedning!