Ottamartnan 2018!

Det nærmar seg med stormsteg Ottamartnan! Moroa startar allereie i morgon, og varer til og med søndag.  Sjå martnasprogram her. I år har vi i Grøn tråd eit samarbeid med Pepperpot Bay v/Marcia Skuland. Marcia skal stå utanfor butikken i vårt grøne telt og servere heimelaga karibisk mat. Ho har same tankegang som oss, og rettane hennar kjem derfor til å vera  laga av hovudsakeleg økologiske og reine ingrediensar.  Du finn Marcia her ved dugurds- og middagstider med spennande og varmande rettar, inkl. vegetarrettar. Resten av tida fyller vi standen med sal av heimelaga og økologisk quiche (pai), vafler og varme drikkar. Det blir moglegheit for å setja seg ned og kose seg ved små kafèbord ute.

Elles skal vi til ha 25% tilbod på alle grønsakene våre under Ottamartnan. Vi har nå følgjande grøne saker inne:
– Raudbeter, målselvsneper, kålrot og gulrot frå Søre Hosar i Skjåk
– Gulbeter, raudbeter, polkabeter, sellerirot, vinterkål, raudkål, grønkålmiks, sjalottlauk, gul og raud kepalauk, purre, store tomatar og cherrytomatar, salat og agurk frå Aukrust i Lom
– Cerisapotet, mandelpotet, mainepe, sommarkål, kvitlauk, brokkoli, stangselleri og squash frå Avdem på Lesja
– Trollpotet og knutekål frå Nordre Råstad i Vågå
– Flatblada persille frå Rottem på Lalm
– Raude epler frå Otta-hage

Vi slår òg i år til med ei aldri så lita martnaskonkurranse:
Gjett vekta på «superkålrota» vår frå Aukrust! Vinnaren får eit gåvekort hjå oss, samt kålrota og ei lita overrasking.

Velkomen innom på ein grøn martnashandel!

Vekesprodukt og martnastilbod: Grønsaker frå Nord-Gudbrandsdalen

Denne veka vil vi gjera litt ekstra stas på lokalgrønsakene våre. Dette er produkt vi er spesielt glade i og stolte av. Det er ikkje alltid så lett å  oppfylle målet vårt om å selje varer som er både sunne, reine, økologiske og stuttreiste, men lokalgrønsakene våre lever opp til alle desse krava. Dei var òg dei første produkta vi selde da vi starta opp for vel fire år sidan. Grønsakene våre er økologisk dyrka og kjem frå Nordgard Aukrust i Lom, Avdem på Lesja, Søre Kvåle og Søre Hosar i Skjåk, samt frå Nordgard Råstad i Vågå. Du kan lesa meir om dei lokale produsentane våre her.

På Ottamartnan fyrstkomande helg, dvs. 28. – 30. september, slår vi til med 25% tilbod på alle grønsakene våre.  Velkomen innom på ein skikkeleg grøn lokalmathandel!

Vekesprodukt: Sommarkål frå Lesja

Sommarkål blir òg kalla tidlegkål eller nykål, og han har ein mild og søt aroma som kjem enda betre fram ved koking. Sommarkål er full av vitamin C og B-vitaminet folat, og  eignar seg godt både som råkost, til koking, woking, smørdamping, stuing m.m. Den sprøe og delikate sommarkålen vi kan tilby er frå Avdem på Lesja.

Kom gjerne innom og smak på sommarkålen frå Lesja i dag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Haustkveld-te frå Lom

Haustkvelds-te er i følgje Aukrust gard og urteri i Lom aromatisk, varmande og god ved forkjølelse. Teen inneheld grønmynte, aronia, sitronmelisse, nyper, salvie, svarthyllbær, timian, tindvedbær og ringblome; med andre ord fleire ingrediensar som kan lindre både vond hals og hoste, samt at teen smakar skikkeleg godt.

Denne teen er vekesproduktet vårt nå, som kom gjerne innom og smak på han torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Persille frå Lalm

I dag har vi vore så heldige å ha fått inn «rykande» fersk bladpersille og kruspersille frå Rottem hagebruk på Lalm. Garden er ikkje økologisk godkjend, men grønsakene blir dyrka etter økologiske prinsipp, utan sprøytemiddel og kunstgjødsel.

Persillen er vekesproduktet vårt denne veka, så kom gjerne innom og smak på dette lekre eksemplaret av denne høgst anvendelege urten i dag, fredag eller laurdag. Akkurat som med grønsakene våre sel vi òg urtene i lausvekt, så her er det berre å plukke med seg  så mykje eller lite ein treng.

Velkomen innom!